På bokmål
Har du opphaldsløyve i Noreg på bakgrunn av ein søknad om beskyttelse, men ønskjer å flytte tilbake til det opphavlege heimlandet ditt? Då kan du søkje om støtte frå norske myndigheiter til å flytte tilbake til det opphavlege heimlandet ditt for godt.
Kan du få støtte til å reise heim?
Alle personar med beskyttelse (asyl) eller opphald på grunn av sterke menneskelege omsyn, kan søkje om støtte til tilbakevending. Du kan òg få støtte dersom du har opphaldsløyve på grunn av familieinnvandring med ein person som høyrer til ei av desse gruppene.
Personar som i dag er norske statsborgarar, vil normalt ikkje få støtte til tilbakevending, men det er mogleg å søkje om unntak.
Det må ha gått minst tre månader sidan du fekk opphald.
Du får utbetalt støtta i Noreg før du reiser.
Kor mykje får du i støtte?
- Du får dekka reisa. UDI tingar og betalar billetten din. Du kan ikkje tinge billetter på eiga hand viss norske myndigheiter skal betale for dei.
- Du får eit kontantbeløp på 10 000 kroner. Det skal vere eit bidrag til reetablering i heimlandet ditt.
- Du får òg 5 000 kroner til frakt av personlege eigedelar.
Kan du komme tilbake til Noreg?
- Viss du har permanent opphaldsløyve, kan du søkje politiet om å få stempla dette løyvet inn i pass utferda av styresmaktene i det opphavlege heimlandet ditt. Eit permanent opphaldsløyve gir høve til å reise tilbake til Noreg innan to år frå utreisetidspunktet.
- Viss du har eit mellombels opphaldsløyve, kan du reise tilbake til Noreg så lenge løyvet er gyldig.
- Viss du ikkje har permanent opphaldsløyve og ikkje lenger har gyldig opphaldsløyve, men ønskjer å komme tilbake til Noreg, må du søkje om nytt opphaldsløyve. Søknaden blir vurdert individuelt, og det er ingen garanti for at han blir godkjend. Det same gjeld for personar med permanent opphaldsløyve som har vore utanfor Noreg i meir enn to år.
Må du betale tilbake støtta dersom du kjem tilbake til Noreg?
Dersom du flyttar tilbake til Noreg, må du betale tilbake heile eller delar av støtta du har fått, med unntak av reisekostnadene. Kor mykje du skal betale tilbake, er avhengig av kor lenge du har vore i heimlandet.
Satsar for tilbakebetaling av støtte til tilbakevending:
| Kor lenge du har vore i heimlandet |
Beløpet som skal betalast tilbake |
| Under 12 månader |
Kr 15 000,- |
| 13-18 månader |
Kr 10 000,- |
| 18-24 månader |
Kr 5 000,- |
| Over 24 månader |
Kr 0,- |
Dersom du må flykte frå overgrep i heimlandet, kan du søkje om å få sleppe å betale tilbake støttebeløpet når du kjem tilbake til Noreg. UDI vurderer søknaden individuelt.
Meir informasjon