Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Sakshandsamingstider for studieløyve

Her finn du ei oversikt over forventa sakshandsamingstid for søknader om studieløyve. Denne oversikta er rettleiande.

Sist oppdatert 15.03.2012
Publisert 10.08.2011

 
 

Sakshandsamingstid for studieløyve

Sakshandsamingstid  Månader 

Studieløyve

2

Fornying

3

Klager over avslag

1

 

Rettleiande sakshandsamingstid

Informasjonen om sakshandsamingstid er rettleiande. Nokre saker kan ta kortare eller lengre tid.

Vi oppgir sakshandsamingstida med utgangspunkt i kor lang tid det har teke å handsame størstedelen av søknadene dei siste seks månadene.

Sakshandsamingstidene endrar seg

Vi går gjennom tabellane kvar tredje månad og endrar opplysningane viss sakshandsamingstidene endrar seg. Dette inneber at sakshandsamingstida for søknaden din kan endre seg etter at du har levert søknaden.

Førstegongssøknader

Vi reknar sakshandsamingsstida frå den dagen då du leverer søknaden hos politiet eller ved ambassaden/konsulatet, og til UDI har fatta vedtak i saka.

UDI har som mål å handsame studiesøknadene innan studiestart. Det er viktig at du legg ved all nødvendig dokumentasjon. Søknader som manglar dokumentasjon, eller der det er tvil om at alle vilkåra er oppfylte, tek lengre tid å handsame.

Skal du ta til med å studere i januar bør du søkje allereie i oktober.
 
Skal du ta til med å studere i august, bør du søkje allereie i mai.

Fornyingar

Politiet handsamar dei fleste søknader om fornying av studieløyve. Viss det manglar dokumentasjon i saka eller politiet er i tvil om avgjersla, sender dei søknaden til UDI.


Viss du søkjer om fornying av løyvet ditt seinast ein månad før det noverande løyvet ditt går ut, har du framleis rett til å studere og arbeide deltid.
 

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C

asdasdads