Her finn du skjema og vedlegg som du treng når du skal søkje om studieløyve.
(Du finn meir informasjon på hovudsida for studieløyve.)
1. Sjekk kor du skal levere søknaden din
Viss du er i Noreg:
Du kan søkje frå Noreg viss du har hatt ein annan type løyve dei siste ni månadene.
Du kan og søkje frå Noreg viss du har kompetanse som faglært, viss du er EØS-borgar eller er familiemedlem av ein EØS-borgar med opphaldsrett i Noreg.
Les meir om kven som kan søkje frå Noreg
Viss du er i utlandet:
Du leverer søknaden på ein ambassade eller eit konsulat. I noen land er det svenske eller danske ambassadar som tek i mot søknaden din.
Sjekk kor du skal levere søknaden.
2. Finn ut om du må søkje på nett
Du skal registrere søknaden din på nett viss:
- du søker frå Noreg
- du søkjer via ein norsk ambassade
Du kan ikkje registrere søknaden på nettet viss det er ein svensk eller dansk ambassade som tek imot søknaden din.
Viss du ikkje kan søkje via nettet
Viss du skal levere søknaden på ein svensk eller dansk ambassade, må du fylle ut søknadsskjemaet på papir og levere det inn til ambassaden. Du skal nytte det same skjemaet når du søkjer om å fornye eit løyve.
3. Alle må levere dokument
Anten du søkjer på nett eller papir, må du levere pass og anna nødvendig dokumentasjon.
- Viss du søkjer på nettet, tingar du samstundes time for å levere dokumenta dine hos politiet eller ein norsk ambassade/konsulat. Da slepp du å stå i kø.
- Viss du søkjer på papir tek du kontakt med ambassaden for å få vite når du kan levere dokumenta.
Vi byrjar ikkje med å handsame søknaden din før du har levert pass og anna nødvendig dokumentasjon.
4. Hugselister og vedlegg
Sjekkliste for dokument som må liggje ved søknaden om opphaldsløyve for studium
Når du skal fornye løyvet:
Fråsegn om studieprogresjon og deltidsarbeidsløyve
Studiestaden skal fylle ut dette skjemaet om studieprogresjonen din og om du har høve til å arbeide deltid, og du som skal fornye løyvet må levere det saman med søknaden din.
For å opne filene, må du ha programmet Adobe Acrobat på maskina di. Viss du ikkje har programmet, kan du laste det ned gratis
For å kunne lagre informasjon i skjema, treng du Adobe Professional.