Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Tenesteytar, utsend arbeidstakar

På bokmål

Ein faglært arbeidstakar som er tilsett i eit utanlandsk firma, og som skal yte tenester i Noreg, kan få opphaldsløyve. Den utanlandske arbeidsgivaren din må ha inngått kontrakt om tenesteyting med eit norsk firma.



Kven kan få denne typen opphaldsløyve?

Du må vere tilsett i eit utanlandsk firma som har kontrakt med eit norsk firma. Du må vere faglært. Omgrepet faglært omfattar desse kategoriane:

  • Fagutdanna tilsvarande nivået på vidaregåande skole. Du må ha avslutta ei fagutdanning for eit visst yrke. Fagutdanninga må minimum tilsvare nivået på vidaregåande skole, det vil seie minst tre år. Er utdanninga teken i utlandet, må ho ha gitt tilsvarande kompetanse som utdanninga i Noreg. Eksempel er fagutdanning som snikkar, rørleggjar eller hjelpepleiar.
  • Fagbrev. Er fagbrevet teke i utlandet, må det ha gitt tilsvarande kompetanse som fagbrevet i Noreg. 
  • Utdanning frå høgskole eller universitet. Det må dreie seg om ei avslutta utdanning/grad. Eksempel er sjukepleiar, ingeniør, bachelorgrad eller mastergrad. 
  • Spesielle kvalifikasjonar. Du må ha opparbeidd deg kompetanse gjennom yrkeserfaring av ei viss lengd, eventuelt i kombinasjon med anna opplæring (kurs og liknande). Dersom det finst ei formell utdanning på området, må kompetansen din vere tilnærma lik nivået på slik utdanning. Vi gjer merksam på at det i utgangspunktet skal mykje til for å kunne få løyve på bakgrunn av spesielle kvalifikasjonar, og at det blir kravd grundig dokumentasjon. 

Kompetansen din må vere relevant for å kunne gjennomføre oppdraget

Kva for krav gjeld for arbeidsforholdet og oppdraget?

  • Det må vere inngått ein kontrakt mellom eit utanlandsk firma (oppdragstakaren) og eit norsk firma (oppdragsgivaren). 
  • Det må stå i kontrakten at du skal yte tenester i ein avgrensa periode i Noreg.
  • Oppdragsgivaren må ha forretningsstad i Noreg. 
  • Du må vere tilsett i den utanlandske verksemda.  
  • Som hovudregel skal tilbodet om oppdrag vere for éin oppdragsgivar.
  • Det er ikkje krav om fulltidsoppdrag.
  • Lønns- og arbeidsvilkåra må ikkje vere dårlegare enn gjeldande tariffavtale eller regulativ for bransjen. Om det ikkje eksisterer slik tariffavtale eller regulativ, skal lønns- og arbeidsvilkåra ikkje vere dårlegare enn det som er normalt for den staden og det yrket i Noreg. 
  • Dersom stillinga ikkje er omfatta av tariffavtale, skal du lønnast på nivå med den statlege tariffavtalen, med mindre det kan dokumenterast at noko anna er normalt for den staden og det yrket. Dette inneber at du skal lønnast i minst lønnstrinn 45 i statens lønnsregulativ, for tida kr 372 700 per år, om du har høgare akademisk utdanning, for eksempel mastergrad. Ved lågare akademisk utdanning, for eksempel bachelorgrad, skal du lønnast i minst lønnstrinn 42, for tida kr 356 000 per år.
  • Den norske oppdragsgivaren skal sjå til at den utanlandske arbeidsgivaren oppfyller kravet til lønns- og arbeidsvilkår under oppdraget, og skal kunne leggje fram dokumentasjon på dette ved førespurnad frå tilsyns- eller utlendingsstyresmaktene.

Korleis søkjer du?

Sjekk kor du skal levere søknaden din:

 Sjekk kor du skal levere søknaden.

Søknadsskjema
 
Du må fylle ut søknadsskjemaet for opphaldsløyve og levere det til ambassaden eller politiet. Skjemaet skal også brukes når du søkjer om å fornye eit løyve. Ta kontakt med politiet eller ambassaden for å få vite når du kan levere søknaden.

Søknadsskjema bokmål 

Søknadsskjema nynorsk  

Du kan diverre ikkje bruke Søknad på nett-portalen.

Oppdragsgivaren i Noreg kan søkje for deg

Oppdragsgivaren i Noreg kan søkje om opphaldsløyve for deg dersom du gir oppdragsgivaren skriftleg fullmakt. Dette kan du gjere ved å fylle ut punktet om fullmakt i søknadsskjemaet, ved å fylle ut fullmaktskjema eller ved å lage ei anna skriftleg fullmakt. Søknaden skal i dette tilfellet leverast til politidistriktet der oppdragsgivaren har forretningsstad.

Arbeidsgivaren din i utlandet kan ikkje søkje om opphaldsløyve for deg, sidan arbeidsgivaren ikkje har forretningsstad i Noreg.

Kva må du leggje ved søknaden?

Vi byrjar ikkje med å handsame søknaden din før du har levert pass og anna nødvendig dokumentasjon.

I tillegg til utfylt søknadsskjema må du leggje fram: 

  • kopi av pass
  • passfoto/bilete som tilfredsstiller visse krav
  • oppdragstilbodsskjema underteikna av den norske oppdragsgivaren, den utanlandske verksemda og deg som utsend arbeidstakar
  • kontrakt mellom den norske oppdragsgivaren og den utanlandske verksemda som dokumenterer kva kontraktforholdet mellom partane går ut på. Kontrakten må òg tydeleg opplyse om kva tenesteyting du skal utføre, og at denne er av avgrensa tidslengd. 
  • arbeidskontrakten du har med det utanlandske firmaet
  • firmaattest frå Brønnøysundregisteret for det norske firmaet 
  • dokumentasjon på utdanning som inneheld opplysningar om tidslengda på utdanninga, innhaldet i utdanninga og nivået på utdanningsinstitusjonen  
  • dokumentasjon på yrkeserfaring som inneheld detaljerte opplysningar frå tidlegare arbeidsgivarar om tidslengd, arbeidsoppgåver og type verksemd 
  • opplysningar om bustad i Noreg
  • dokumentasjon på at du har betalt eit gebyr

Som hovudregel er det tilstrekkeleg at du legg ved ein kopi av dokumenta saman med søknaden, men du må kunne vise fram originaldokumentet når du leverer søknaden. Saman med søknaden skal du òg leggje ved ei omsetjing av dokumenta til norsk eller engelsk.

Ordninga med tidleg arbeidsstart

Ordninga med tidleg arbeidsstart inneber at oppdragsgivarar kan la utsende arbeidstakarar byrje tenesteytinga før søknaden er handsama. Det er eit krav at du er tilsett i eit internasjonalt selskap i utlandet og skal yte tenester til ei norsk avdeling av det internasjonale selskapet.

Oppdragsgivaren din kan søkje opphaldsløyve for deg når det ligg føre fullmakt. Dersom oppdragsgivaren leverer ein komplett søknad, det vil seie med alle nødvendige vedlegg, kan politiet utferde ei førebels stadfesting på at du kan byrje å arbeide før søknaden er handsama. Utanriksstasjonen kan gi deg innreisevisum når det er nødvendig, under den føresetnad at politiet har utferda ei førebels stadfesting til oppdragsgivaren din og du kan dokumentere identiteten din.

Seinast sju dagar etter innreise i Noreg må du møte opp ved politidistriktet som søknaden blei levert til. Der må du dokumentere identiteten din og stadfeste søknaden som blei innlevert av oppdragsgivaren din. Politiet vil då utferde ei stadfesting til deg på at du har lov til å yte tenester for den aktuelle oppdragsgivaren inntil søknaden er handsama. Du kan byrje tenesteytinga med ein gong du får denne stadfestinga.

Dersom du ikkje treng visum for å reise inn i Noreg eller du allereie har lovleg opphald i Noreg, kan du sjølv levere søknaden til politiet. Det er ein føresetnad at du har faglært kompetanse og ikkje er asylsøkjar. Dersom søknaden er komplett, kan politiet gi deg ei stadfesting på at du har lov til å yte tenester til den aktuelle oppdragsgivaren inntil søknaden er handsama. Du kan byrje tenesteytinga med ein gong du får denne stadfestinga.

Du har ikkje høve til å byte oppdragsgivar så lenge søknaden er under handsaming.

Politiet kan nekte å utferde førebels stadfesting til oppdragsgivaren eller stadfesting til deg dersom nokon av vilkåra ikkje er oppfylte. Du har ikkje klagerett.
  

Løyve under søknadshandsaminga

Du kan ikkje byrje arbeidet før du har fått opphaldsløyve. Politiet har høve til å gi slikt løyve under søknadshandsaminga om du ber om det, dersom politiet meiner at du har rett til å søkje frå Noreg, og at det er sannsynleg at søknaden din vil bli godkjend.

Kor lang tid tek det å handsame søknaden?

Sjå oversikta over venta sakshandsamingstid i UDI her.

Innhaldet av løyvet

  • Eit opphaldsløyve som tenesteytar, utsend arbeidstakar er knytt til det eller dei oppdraga som følgjer av kontrakten. Du kan derfor ikkje ta andre oppdrag enn det som står i løyvet. Du kan heller ikkje utføre arbeid for ein arbeidsgivar i Noreg eller drive næringsverksemd i Noreg.
  • Løyvet kan givast for eitt år, men likevel ikkje utover tidslengda på oppdraget.
  • Løyvet gir rett til gjentekne innreiser til Noreg så lenge løyvet gjeld.
  • Løyvet dannar ikkje grunnlag for permanent opphaldsløyve. 
  • Familiemedlemmer kan søkje om opphaldsløyve etter reglane om familieinnvandring, under den føresetnad at oppdraget ditt varer i meir enn seks månader. Er du tilsett i eit internasjonalt selskap (og skal på oppdrag til norsk del av selskapet), kan familiemedlemmer få opphaldsløyve uavhengig av tidslengda av oppdraget ditt. Denne retten gjeld berre for ektefeller/sambuarar og barn under 18 år. Ver merksam på at arbeidsgivaren eller oppdragsgivaren ikkej kan søkje på vegne av familiemedlemmene dine.

Kan løyvet fornyast?

Løyvet kan fornyast, men tidslengda på løyvet kan totalt sett ikkje bli over fire år. Etter dette kan det ikkje fornyast, og nytt løyve som tenesteytar, utsend arbeidstakar kan heller ikkje givast.
 
Du må søkje om fornying av opphaldsløyvet seinast ein månad før utløpet av det tidlegare løyvet, og søknaden leverast til politiet der du bur. 

Ved søknad om fornying må du betale eit gebyr.

Du kan klage på avslag

Du kan klage på vedtaket. Les meir om korleis du klagar på eit vedtak her.

Meir informasjon

Meir informasjon får du ved å kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, eller Opplysningstenesta i UDI.

Les mer om vilkåra for løyvet på UDIregelverk 


Sist oppdatert 09.11.2010
Publisert 01.04.2006

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C

asdasdads