Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Bortvising

På bokmål

Som utanlandsk statsborgar kan du bli bortvist frå Noreg. Bortvising vil seie at du blir nekta innreise til Noreg, eller at du må forlate landet. Ei bortvising er berre eit mellombels forbod. Når bortvisningsgrunnen ikkje lenger er til stades, kan du fritt reise inn i Noreg igjen.



Eit eksempel: Du blir bortvist ved innreise til Noreg fordi du ikkje har med deg gyldig pass. Dersom du kjem igjen seinare med gyldig reisedokument, vil ikkje bortvisingsvedtaket hindre deg i å reise inn i Noreg.
 

Årsaker til bortvising

Om du er EØS-borgar (statsborgar av eit EU/EØS/EFTA-land) kan du bli bortvist for eksempel dersom du
  • ikkje kan vise fram pass eller anna godkjent reisedokument 
  • har reist inn i Noreg utan rett til innreise, eller oppheld deg i Noreg utan opphaldsrett
  • har gjort, eller sannsynlegvis vil gjere, handlingar som gir grunnlag for utvising
Om du ikkje er EØS-borgar (statsborgar av eit EU/EØS/EFTA-land) kan du bli bortvist for eksempel om du 
  • ikkje har pass eller anna godkjent reisedokument, eller ikkje har visum dersom du treng det
  • er utvist eller bortvist frå eit Schengen-land, eller er innmeld i Schengen informasjonssystem (SIS) med sikte på å nekte deg innreise 
  • ikkje har løyve til opphald
  • ikkje kan godgjere at formålet du har oppgitt med opphaldet i Noreg, er riktig
  • ikkje har, eller er sikra, pengar til opphaldet og til heimreisa
  • er straffa, det ligg føre ei grunngitt frykt for at du skal gjere straffbare handlingar eller lider av alvorleg, psykisk sjukdom
Du kan òg bli bortvist dersom du skuldar det offentlege pengar for tidlegare uttransportering. Dersom du er uttransportert på statens kostnad, må kostnadene i samband med dette vere tilbakebetalte før du kan komme til Noreg igjen.
 
Dei fleste vedtaka om bortvising blir gjorde av politiet, men Utlendingsdirektoratet kan òg gjere bortvisingsvedtak.

Meir informasjon

Har du fleire spørsmål om dette temaet, kan du kontakte nærmaste norske ambassade eller konsulat, nærmaste politidistrikt eller Opplysningstenesta i UDI.

Sist oppdatert 22.07.2010
Publisert 14.07.2010

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C

asdasdads