Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Informasjon om opphaldskort

Her finn du informasjon om opphaldskort. Alle som har opphaldsløyve i Noreg og er frå eit land utanfor EU/EØS skal etter kvart skaffe seg slike kort.



Kortoppholdstillatelse460

Kva er eit opphaldskort?

Eit opphaldskort er eit plastkort i kredittkortstorleik som er ditt bevis på at du har opphaldsløyve i Noreg.

Med mindre det står noko anna på kortet, viser det også at du har rett til å reise fritt i Schengenområdet. Du bør difor ha med deg kortet når du reiser i utlandet, men du må framleis alltid ha med deg passet ditt. Opphaldskortet fungerer nemleg ikkje som eit identitetskort.

Kortet er gyldig like lenge som opphaldsløyvet ditt. Viss du har permanent opphaldsløyve er kortet gyldig i to år.

Kortet inneheld mellom anna eit foto av deg, signaturen din og fingeravtrykka dine. Fingeravtrykka blir ikkje lagra noko anna plass enn på sjølve kortet.

Kortet erstattar den tidligare ordninga med etikett i passet.

Du må vise fram kortet ved kontroll. Viss du ikkje har det med deg, kan du bli bedt om å hente det.

Kven treng opphaldskort?

  • Alle som får eit opphaldsløyve (til dømes opphaldsløyve for studiar eller familieinnvandringsløyve) eller fornyar eit tidligare løyve skal skaffe seg eit slikt kort. Dette gjeld ikkje EØS-borgarar.
  • Også dei som har permanent opphaldsløyve skal skaffe seg kort, anten når dei får innvilga løyvet eller når etiketten i passet deira går ut.
  • EØS-borgarar skal ikkje ha kort.
  • Familiemedlemmar av EØS-borgarar som ikkje sjølv er EØS-borgarar vil få kort. Viss dei ikkje allereie har fått brev frå UDI som stadfester opphaldsretten deira i Noreg, må dei søkje om å få eit kort.

Viss du har gyldig etikett i passet ditt, treng du då opphaldskort?

Nei, etiketten er gyldig fram til utgangsdatoen, og du treng ikkje opphaldskort så lenge denne er gyldig. Når du eventuelt fornyar løyvet ditt, vil du få opphaldskort.

Hvis du har permanent opphaldsløyve og etiketten din snart går ut, må du skaffe deg opphaldskort.

Det vil bli innført ei ordning seinare i 2012 for dei som ønskjer å bytte ein gyldig etikett med opphaldskort. Du kan då få opphaldskort mot eit gebyr på 300 kroner. Informasjon om tidspunkt for denne ordninga vil bli lagt ut på denne sida seinare.

Korleis skaffar du deg opphaldskort?

Når du får brev om at du har fått opphaldsløyve vil du få beskjed om å møte opp hos politiet. Ikkje alle politikontor har utstyr til å ordne med opphaldskort. For å finne ut kva for politikontor du skal gå til, går du inn på nettsidene til ditt politidistrikt. Der finn du informasjon eller eit telefonnummer du kan ringe for å få vite kor og når du kan møte opp for å ordne med opphaldskort. Viss du ringer 02800 kjem du til ditt lokale politidistrikt.

Viss du tidligare har brukt Søknad på nett, kan du logge deg inn der for å bestille time.

  • Logg deg inn
  • Vel den relevante søknaden din (ved å klikke på ”penn og papir”- ikonet på høgre sida av søknaden) frå lista med søknader du har lagt inn
  • Klikk på ”change appointment” i seksjonen for bestilling av avtaler (”Booking Information”).
  • Forandre den tidligare avtala til ein ny dato.

Dei som allereie har permanent opphaldsløyve og skal bytte ut etikett i passet med opphaldskort, kan ikkje bestille time via Søknad på nett.

Viss du ikkje kan bruke Søknad på nett må du ringe ditt lokale politidistrikt.

Du kan ikkje ringe UDI for å bestille time.

Hos politiet gir du fingeravtrykk og blir fotografert, og politiet bestiller opphaldskort til deg. Det vil ta opp til 10 virkedagar frå du var hos politiet til du får kortet sendt til deg i posten. 

Viktig informasjon:

  • Sjekk at du står registrert med korrekt postadresse og at du har namnet ditt på postkassa.
  • Viss du tidlegare har hatt etikett i passet ditt, vil politiet makulere denne når dei bestill opphaldskort til deg. Dette vil seie at du ikkje vil ha noko bevis på opphaldsløyvet ditt i dei 10 dagane fram til du får opphaldskortet. Viss du skal reise ut av landet må du difor bestille kortet i god tid på førehand. 

Skal EU/EØS-borgarar ha opphaldskort?

Nei, borgarar av EU-land og EØS-land skal ikkje ha opphaldskort. 

Viss du har opphaldsrett som familiemedlem til ein EØS-borgar som bur i Noreg, men ikkje sjølv er EØS-borgar, kan du skaffe deg opphaldskort?

Ja. Du som i dag har eit brev frå UDI (eit A4-ark) som stadfester at du har opphaldsrett i Noreg på dette grunnlaget kan no få opphaldskort.

Viss du planlegg å reise utanlands rår vi deg til å skaffe deg eit slikt kort. Det er viktig å huske at det vil ta inntil 10 virkedagar frå du var hos politiet til du får kortet sendt til deg i posten. Du må difor møte opp hos politiet for å gi fingeravtrykk og bli fotografert i god tid før du skal reise.

Viss du ikkje allereie har fått brev frå UDI som stadfestar opphaldsretten din i Noreg, må du søkje om å få eit kort

Kva skjer om du mister kortet?

Om du mister kortet, må du melde frå til politiet eller nærmaste norske utanriksstasjon. Du må møte opp hos politiet på nytt og dei vil bestille eit nytt kort til deg, mot eit gebyr på 300 kroner. 

Meir informasjon

Du finner meir detaljert  informasjon om kortet i vårt faktaark.  



Sist oppdatert 13.06.2012
Publisert 13.06.2012

Utlendingsdirektoratet

Norwegian Directorate

of Immigration

Pb. 8108 Dep.

NO-0032 Oslo

+ 47 23 35 15 00

www.udi.no/kontakt

Kontakt nettredaksjonen

Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo

Denne siden er validert i henhold til W3C