Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Arbeidsinnvandringa går ned

Det kjem færre nye arbeidsinnvandrarar, men framleis ønskjer mange av dei som har kome hit på eit tidlegare tidspunkt, å bli.

I løpet av første halvår i år er det gitt 15 100 nye arbeidsløyve. Det inneber ein nedgang på 43 prosent frå dei 26 600 løyva som blei gitt i den same perioden i fjor. Samtidig held talet på fornyingar – det vi seie kor mange som fornyar eit arbeidsløyve som er i ferd med å gå ut – seg meir stabilt, sjølv om det også her er ein liten nedgang frå 23 500 i første halvår 2008 til 22 300 i år.

– Utviklinga har snudd

– Etter ein jamn auke i fleire år ser vi at utviklinga har snudd, og at det no kjem færre nye arbeidsinnvandrarar av dei som treng eit løyve. Det var først i vår at dette verkeleg blei merkbart i statistikkane våre, seier UDI-direktør Ida Børresen.

Framleis blir det gitt flest nye løyve til polske borgarar, men det er også denne gruppa som har størst nedgang.

Når det gjeld talet på gyldige arbeidsløyve per 1. juli, har også det gått ned samanlikna med 1. juli i fjor, frå 103 600 til 100 500. Framleis er det klart flest polske borgarar som har gyldig arbeidsløyve, og dei fleste jobbar innanfor bygg og anlegg.

Førstegongsløyve i første halvår

Nasjonalitet

2008

2009

Polen

12 341

4 625

Litauen

2 793

1 729

Romania

1 210

1 068

Tyskland

1 742

953

Storbritannia

600

591

Totalt

26 566

15 146

Gyldige løyve fordelte på nasjonalitet per 1. juli 2009

Nasjonalitet

Tal

Polen

41 464

Tyskland

12 680

Litauen

10 125

Storbritannia

5 040

Romania

3 165

Andre land

17 737

Totalt

100 546

Bortfall av overgangsreglane

Frå 1. mai 2009 er det berre arbeidstakarar frå Romania og Bulgaria som er omfatta av overgangsreglane. Det inneber at søkjarar frå dei andre ”nye EØS-landa” kan få førstegongsløyve som varer i opptil fem år.

– Vi reknar med at fleire får løyve med lang varigheit, og at talet på godkjende løyve med kort varigheit vil gå noko ned, seier Børresen.

Meir informasjon:

UDIs pressetelefon: 23 35 17 00
www.udi.no/statistikk


Sist oppdatert 09.07.2009
Publisert 09.07.2009

Utlendingsdirektoratet (UDI), PB 8108 Dep, 0032 Oslo Tlf: 23 35 15 00. Kontakt Opplysningstjenesten. Kontakt nettredaksjonen. Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo. Denne siden er validert i henhold til W3C

asdasdads