– Vi har sett ein veldig auke i talet på personar som oppgir at dei er einslege mindreårige asylsøkjarar, og utviklinga kan nesten eine og aleine tilleggjast Afghanistan. 70 prosent av alle dei einslege mindreårige asylsøkjarane oppgir at dei kjem derifrå, seier UDI-direktør Ida Børresen.
Ikkje alle under 18 år
Samanlikna med første halvår i 2008 har det kome 172 prosent fleire einslege mindreårige så langt i år. Det kjem fleire som oppgir at dei er einslege mindreårige, til Noreg enn til dei andre nordiske landa.
Samtidig er det mange som får fastsett ein alder på meir enn 18 år når dei får eit vedtak – anten på grunn av at dei fyller 18 år i løpet av søknadsperioden, eller fordi ei aldersundersøking viser at dei er eldre enn dei utgir seg for. Aldersundersøkinga har så langt vore ei tannundersøking med ein feilmargin som kjem asylsøkjarane til gode. Likevel har 17 prosent av alle som har søkt som einslege mindreårige og fått eit vedtak i 2009, fått eit vedtak om at dei faktisk var over 18 år då dei søkte.
– Må ikkje bli misbrukt
I førre veka opplyste regjeringa at aldersundersøkingane i framtida også skal bestå av ei handrotsundersøking og ei fysiologisk undersøking. Saman skal dette gi ei meir presis fastsetjing av alder.
– For UDI er det viktig å få klarlagt kven som er eldre enn dei seier. Einslege mindreårige asylsøkjarar er ei sårbar gruppe med spesielle rettar, og det må ikkje bli misbrukt. I tillegg vil aldersjuks føre til at vaksne bur i mottak saman med ungdommane, og det ønskjer vi heller ikkje, seier Børresen.
Så langt i år er det kome 8 091 asylsøkjarar til Noreg, 50 prosent fleire enn på same tid i fjor.
Asylsøkjarar, fire største land og totalt første halvår:
|
Nasjonalitet |
Første halvår 2009 |
Endring frå første halvår 2008 |
| Afghanistan |
1 932 |
+ 484 % |
| Eritrea |
1 025 |
+ 35 % |
| Somalia |
925 |
+ 125 % |
| Irak |
737 |
- 34 % |
|
Totalt |
8 091 |
+ 50 % |
Meir informasjon:
UDIs pressetelefon: 23 35 17 00
www.udi.no/statistikk