Av Paula Tolonen, avdelingsdirektør i Utlendingsdirektoratet
Etiopiarane som har blitt omtalt i media, har fått ei forsvarleg asylsaksbehandling både i Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE). UDI har følgt situasjonen i Etiopia kontinuerleg og vurdert asylsakene på bakgrunn av informasjon vi har hatt om landet på dei ulike tidspunkta. Alle etiopiarar har fått, og får, sakene sine individuelt og grundig vurdert i forhold til situasjonen i Etiopia på det tidspunktet saken blir behandla. Norske utlendingsstyresmakter, UDI, UNE og LandInfo, har nett kome heim frå ei fact-finding-reise i Etiopia, der ein vurderer tilhøva i landet.
Etiopiarane som har blitt omtalt i media har fått endeleg avslag på asylsøknadene sine. Eit endeleg avslag på ein asylsøknad betyr at utlendingsstyresmaktene, etter nøye vurdering, har kome til at søkjaren ikkje fyller vilkåra i utlendingsloven for å få asyl, vern eller opphald på humanitært grunnlag. Med andre ord har utlendingsstyresmaktene vurdert situasjonen slik at vedkomande kan reise heim.
Ein person med endeleg avslag på asylsøknaden sin har plikt til å forlate Noreg friviljug. I samband med avslaget set styresmaktene ein frist for å forlate landet. Utlendingar som ikkje reiser friviljug før fristen er ute, oppheld seg ulovleg i Noreg.
Det er Utlendingsnemnda (UNE) som behandlar klager over vedtak som UDI har gjort. Når klageinstansen har behandla ein asylsøknad, er søknaden endeleg avgjord. Vedtak gjorde av klageinstansen kan bringast inn for domstolen.
Personar som samarbeider med norske styresmakter om heimreise kan bu i eit asylmottak fram til uttransport. Personar som ikkje samarbeider får ikkje få bu i asylmottak, men sosialtenesta i kommunane har ansvar for å gje akutt livsnødvendig hjelp - også til dei som oppheld seg ulovleg i landet. Barnefamiliar og einslege mindreårige som får avslag på asylsøknaden sin er ikkje omfatta av ordninga, og dei kan derfor bu i mottak fram til dei faktisk reiser tilbake til heimlandet. I særskilte tilfelle, mellom anna i samband med sjukdom, kan også andre med endeleg avslag i asylsaken få halde fram å bu i mottak.
Regjeringa har avgjort at det skal bli oppretta eit utreisesenter for å gje et einsarta tilbod til tidlegare asylsøkjarar utan lovleg opphald i Noreg fram til dei reiser frå landet. Utreisesenter skal vere eit ope og friviljug butilbod til personar som har mista tilbodet i asylmottak etter avslag på søknaden om asyl.
Gangen i ein asylsak
Statistikk for asylvedtak for borgere av Etiopia