Hopp til hovedinnhold Hopp til søk

Logo

 
  • Tips en venn tips en venn
  • Skriv ut skriv ut denne siden
  • Abonnere skriv ut denne siden 

Kvardagen i eit asylmottak

Vi høyrer ofte at asylsøkjarar «sit» i asylmottak. Dette gir eit feil bilete av kvardagen til mange av dei som bur og lever der. Somme studerer, andre jobbar, og nokon bidreg med frivillig arbeid.

Ansvar for sin eigen kvardag

Eit asylmottak er verken eit hotell eller ein institusjon. Det er eit frivillig butilbod til personar som ventar på å få asylsøknaden sin behandla. I alle ordinære mottak har asylsøkjarane sjølv ansvaret for å handle inn og lage mat, vaske og rydde rommet sitt og ta del i reingjering av fellesområde. Tida i mottaket blir også brukt til aktivitetar og utvikling, studium og arbeid.

Omfattande informasjonsprogram

Alle asylsøkjarar som bur i mottak, skal igjennom eit informasjonsprogram
som skal gi dei eit realistisk bilete av det norske samfunnet og ei forståing av dei verdiane det byggjer på. Programmet tek for seg livet i mottaket, lokalmiljøet, asylprosessen, helse, lover og lovbrot, konfliktførebygging, retur og busetjing.

Opplæring og skolegang

Vaksne asylsøkjarar i ordinære mottak har krav på norskopplæring, og målet er at dei skal lære seg nok norsk til å klare seg mest mogleg på eiga hand. Barn og ungdom som truleg vil bli verande i mottaket lenger enn tre månader, har rett og plikt til grunnskoleopplæring. Ungdommar mellom 16 og 18 år har rett til undervisning i norsk og samfunnsfag og kan også ha
rett til undervisning i grunnskolefag.
 

Arbeid og yrkeskompetanse


Personar som har dokumentert identiteten sin, har høve til å søkje om mellombels arbeidsløyve og skaffe seg jobb. Somme skaffar seg også yrkeskompetanse på denne måten.

Fritidsaktivitetar og frivillig innsats

Alle mottak har eit aktivitetsprogram som skal leggje til rette for ulike fritidsaktivitetar. Asylsøkjarane organiserer fleire aktivitetar sjølv. Det er også mange som deltek i frivillig arbeid i mottaket. Somme deltek i ei vaktmeistergruppe, andre bruker tid som språkassistentar, medan andre att organiserer bruken av internett- eller aktivitetsrom.

Asylmottaka knyter ofte band til det lokale idrettslaget. Bebuarane kan vere eit viktig tilskot til lokale lag og foreiningar. Mange deltek på barnekveldar, får leksehjelp og er med i kvinnegrupper som blir organiserte av frivillige organisasjonar.

Sist oppdatert 29.09.2011
Publisert 29.09.2011

Utlendingsdirektoratet

Norwegian Directorate

of Immigration

Pb. 8108 Dep.

NO-0032 Oslo

+ 47 23 35 15 00

www.udi.no/kontakt

Kontakt nettredaksjonen

Ansvarlig redaktør: Ingeborg Grimsmo

Denne siden er validert i henhold til W3C