Enklare å få permanent opphald
21.03.2011
Den nye utlendingslova gjer det enklare å få permanent opphald (tidlegare kalla busetjingsløyve) i Noreg.
Tidlegare måtte søkjaren ha hatt opphald i Noreg i minst tre år med same type løyve (for eksempel arbeidsløyve). No kan søkjaren få godkjent permanent opphaldsløyve etter til saman tre års lovleg opphald i landet, sjølv om det er på ulike opphaldsgrunnlag, for eksempel først som familieinnvandrar og deretter som spesialist. Dette kan forklare kvifor vi i 2010 såg ein auke med 13 prosent frå året før både i talet på søknader og i talet på godkjenningar. Totalt fekk 13 800 personar godkjent permanent opphald.
 
Permanent opphald fordelt på statsborgarskap, til største land, 2010 
 
Vi behandla fleire eldre og vanskelege søknader, blant anna fleire saker der vi valde å kalle tilbake familieinnvandringsløyve fordi vi vurderte det som sannsynleg at ekteskapet var inngått proforma. I slike tilfelle avslår vi søknaden om permanent opphald. Vi avslo også relativt mange søknader fordi søkjaren ikkje hadde dokumentert at kravet til gjennomført opplæring i norsk og samfunnskunnskap var oppfylt. Totalt avslo vi 810 av søknadene om permanent opphald, men nokre av dei som fekk slikt avslag, fekk forlengt det tidlegare løyvet.