Fleire fekk høve til å studere
21.03.2011
I 2010 kom det fleire studentar frå land utanfor EU-området enn året før. Nye typar studieløyve medverka til at det kom fleire studentar. Det samla talet på studieløyve gjekk likevel ned, sidan EØS-borgarar ikkje lenger treng å søkje om opphaldsløyve.

Fleire utanlandske studentar

EØS-borgarar kan no studere i Noreg utan å søkje om opphaldsløyve, og 4 290 EØSborgarar registrerte seg som studentar i 2010.
 
Frå land utanfor EU-området fekk 3 940 studentar utdanningsløyve, og Kina, Russland og USA var som i fjor dei største opphavslanda. Dei aller fleste som fekk utdanningsløyve, kom for å studere ved ein høgskule eller eit universitet.
 
Au pair-løyve blir òg rekna som ein type utdanningsløyve. Formålet med denne ordninga er kulturutveksling ved at au pairen bur saman med ein norsk familie og deltek i norskopplæring. I tillegg til dei 3 940 utdanningsløyva fekk 1 510 personar au pairløyve i 2010. Nærmare 80 prosent av au pairane kom frå Filippinane.
 
I tillegg fekk 3 840 studentar fornya løyvet sitt. Alt i alt hadde 9 290 personar utdanningsløyve i Noreg i 2010.
 
Utdanningsløyve etter grunnlag, fem største land, 2010
 

Nye moglegheiter for faglærte

Den nye utlendingslova opnar for to nye typar studieløyve, det eine for faglærte som vil studere norsk, og det andre for faglærte som treng nødvendig tilleggsutdanning. Begge løyva gir høve til å arbeide deltid ved sida av studiet.
 
Løyva er eit resultat av ønsket om å leggje betre til rette for arbeidsinnvandring. Mange norske arbeidsgivarar melde at det ofte var vanskeleg å tilsetje elles kvalifiserte utlendingar, fordi dei mangla norskkunnskapar. Tilleggsutdanninga er særleg viktig innanfor yrke som ikkje kan utførast utan at arbeidstakaren har lisens eller autorisasjon, for eksempel helsepersonell og elektrikarar.
 
Til saman 220 personar fekk løyve til å gå på norskkurs eller ta tilleggsutdanning i 2010, og dette talet vil truleg auke etter kvart som desse tilboda blir betre kjende. Førebels er det for tidleg å seie om dei nye løyva fører til den ønskte auken i søknader om arbeidsløyve i Noreg.
 

Nyutdanna og forskarar

Tidlegare kom dei fleste utanlandske studentar på ulike stipendprogram, og studieopphaldet var gjerne knytt til bistand. No finansierer stadig fleire studentar studia sine sjølv. Noreg ønskjer å behalde den kompetansen som studentane tileignar seg. Mens hovudregelen tidlegare var at alle studentar måtte reise heim etter avslutta studieopphald, kan nyutdanna og forskarar no få opphaldsløyve i seks månader for å søkje arbeid i Noreg. I 2010 fekk 70 personar eit slikt løyve for å søkje jobb etter avslutta studium eller forskingsopphald.