Langt færre søknader, men like mange nye arbeidsinnvandrarar
21.03.2011
8 300 personar fekk godkjent arbeidsløyve for første gong i 2010, og 5 160 fekk fornya arbeidsløyve. Dette er ein kraftig nedgang frå tidlegare år, men nedgangen kan stort sett forklarast med den nye registreringsordninga for EØS-borgarar.

EØS-borgarar slepp å søkje

Den nye registreringsordninga inneber at dei fleste ikkje-nordiske EØS-borgarar slepp å søkje om løyve for å arbeide i Noreg. Dei treng berre å registrere seg hos politiet dersom dei skal vere i Noreg i meir enn 3 månader. 42 650 EØS-borgarar registrerte seg i 2010 som arbeidssøkjar, arbeidstakar, tenesteytar eller sjølvstendig næringsdrivande i Noreg. Om vi ser talet på registreringar saman med talet arbeidsløyve, er det inga stor endring i talet på arbeidsinnvandrarar.
 
Meir enn fire av ti av dei registrerte EØSborgarane kom frå Polen. Det kom også mange frå Litauen. Til saman stod borgarar frå dei baltiske landa for nærmare ein tredel av arbeidsregistreringane.
 

Stabilt søkjartal frå land utanfor Europa

Rumenarar og bulgararar er omfatta av overgangsreglar som inneber at dei framleis må søkje om arbeidsløyve. Frå desse landa kom det 1 780 nye arbeidsinnvandrarar, mot 2 340 i 2009. Talet på arbeidsløyve gitt til ikkje-europeiske borgarar har halde seg relativt stabilt dei seinare åra.
 
Nesten ein firedel av dei som måtte søkje om arbeidsløyve, kom frå Romania eller India. Andre land med mange søkjarar var Bulgaria, Russland, Ukraina, Filippinane og USA.
 
Arbeidsløyve, fem største land, 2010
 

Mange jobba med jordbruk og fiske

Den største gruppa av arbeidsinnvandrarane kom for å arbeide innanfor jordbruks- og fiskerinæringa, og blant desse var det særleg mange russarar, ukrainarar og vietnamesarar. Blant indarane var det flest som skulle arbeide i IT-bransjen, mens mange rumenarar skulle arbeide i bygg og anlegg eller i samferdsels-, handels-, hotell- og restaurantverksemda. Bulgararar og rumenarar fekk EØSløyve, indarar og filippinarar fekk først og fremst løyve til å arbeide i yrke som ein må ha yrkesutdanning, høgare utdanning eller spesielle kvalifikasjonar for å kunne utføre (faglærte), og blant ukrainarar og vietnamesarar var det mange som fekk sesongarbeidsløyve.
 

Fleire fekk avslag

Nærmare éin av fem fekk avslag på søknaden om arbeidsløyve i 2010. I 2009 var det berre éin av tjue som fekk avslag, men sjølv om avslagsprosenten steig, gav vi totalt 200 færre avslag. Dette biletet kan delvis forklarast med at EØS-borgarar no slepp å søkje, og at godkjenningsprosenten for denne gruppa har vore høg. Ut gjennom sommaren behandla vi også ein del vanskelege saker frå 2009, og mange av desse enda med avslag.