Utlendingsforvaltninga behandla 126 000 søknader, og 94 prosent av søknadene blei godkjende. UDI behandla fleire visumsøknader enn det kom inn, og saksbehandlingstida gjekk kraftig ned.
Totalt fekk 18 000 fleire personar besøksvisum i 2010 enn året før. Den største auken stod kinesarane for. 20 300 kinesarar fekk besøksvisum, og det er ein auke på 81 prosent. Det kom også fleire besøkjande frå mange andre land, men russarane var framleis den største gruppa, med fire av ti godkjende besøksvisum. Andre store land var India, Filippinane og Thailand.