Fleire studentar
07.03.2012
Talet på utlendingar som ønskjer å studere i Noreg, har auka med 50 prosent dei to siste åra. Det har også vore ein jamn auke i talet på godkjende søknader.
Dyrare å studere i nabolanda
Éin grunn til at så mange ønskjer å studere i Noreg, kan vere at fleire av nabolanda våre dei siste åra har innført betaling for studentar frå land utanfor EU/EØS-området. Mens Island og Noreg berre krev semesteravgift, må studentane i både Danmark og Sverige betale langt høgare studieavgifter. Finland har også studieavgift på mange av masterstudia sine, mens bachelorstudium og visse masterstudium framleis er gratis. Ein annan grunn til auken kan vere at norske styresmakter har drive aktiv rekruttering i utlandet for å få utanlandske studentar hit.
Framleis flest kinesarar
I 2011 fekk 3 500 studentar frå land utanfor EØS-området sitt første opphaldsløyve for å studere i Noreg. Det er seks prosent fleire enn året før.
Figur: Studentløyve til personar frå land utanfor EU/EØS-området, 1990–2011
For tiande år på rad kom det flest studentar frå Kina, Russland og USA.
EØS-borgarar treng ikkje søkje om opphaldsløyve for å studere her, men registrerer seg som studentar hos politiet. I 2011 valde 4 100 EØS-borgarar å registrere seg, omtrent like mange som året før. Det kom klart flest frå Tyskland, men også mange frå Frankrike og Spania.
Kvar studerte dei?
Dei fleste kom til Noreg for å studere ved høgskolar og universitet. Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Handelshøyskolen BI fekk flest utanlandske studentar i 2011.
Figur: Dei sju studieinstitusjonane med flest utanlandske studentar, 2011

Fleire faglærte tok norskkurs
I 2010 fekk faglærte for første gong høve til å gå på norskkurs i inntil eitt år eller ta nødvendig tilleggsutdanning i inntil to år for å kunne jobbe i Noreg. I 2011 fekk 630 faglærte løyve for å gå på norskkurs, meir enn dobbelt så mange som året før. 30 faglærte tok nødvendig tilleggsutdanning. Det er ein nedgang frå 2010.
Somme gjekk frå studiar til arbeid
Av dei nesten 3 500 faglærte som fekk førstegongsløyve i 2011, hadde i underkant av 250 utdanningsløyve i Noreg som det førre løyvet sitt. I tillegg hadde 40 personar gått på norskkurs, og nesten 80 tidlegare studentar fekk løyve til å bu i Noreg i seks månader etter avslutta utdanning for å søkje arbeid. Det var universitet og høgskular som i størst grad rekrutterte tidlegare studentar, først og fremst til doktorgradsstudiet. Nokre få blei også rekrutterte til IT- og konsulentbransjen.
Fleire au pair-ar
Au pair-løyve blir rekna som eit utdanningsløyve. I 2011 kom det 1 800 au pair-ar til Noreg. Det var 20 prosent fleire enn året før, og drygt fire av fem kom frå Filippinane.