Prima Ballerina

07.03.2012

Den japanske ballettdansaren Maiko Nishimo er ei av mange som dei siste åra har komme til Noreg som faglært. I 2011 fekk 21 personar eit slikt løyve for å jobbe ved Den Norske Opera og Ballett, og mange av dei var nettopp frå Japan.

Mange moglegheiter og rettar i Noreg

– Det å ha suksess som ballettdansar har vore ein draum som har gått i oppfylling, fortel Maiko. – Men det har vore hardt å komme hit. Eg har måtta vere veldig målmedviten, og eg er nok tøff. Og kanskje er vi litt tøffare, vi som kjem frå Japan? Vi er jo vane med hard konkurranse.

Ho kjem frå Osaka, den nest største byen i Japan, med 12 millionar innbyggjarar og mange unge jenter som ønskjer å bli dansarar. Då blir sjølvsagt konkurransen hard. Ho begynte å danse som tiåring og flytta tidleg til London for å gå på ballettskule. Då ho var ferdig, ønskte ho å bli verande i Europa og jobbe, for i Japan er det ikkje mogleg å leve som dansar utan økonomisk hjelp frå foreldra.

Den japanske ballettdanseren Maiko Nishimo

– Skandinavia var eigentleg ikkje noko alternativ for meg, men ein norsk medstudent tipsa meg om å sjå nærmare på kva Den Norske Nasjonalballetten hadde å tilby. Då oppdaga eg at dei hadde alt eg drøymde om! Her har dei verdas beste repertoar, og dansarane får drive med både klassisk og moderne ballett. Dessutan blir vi tekne veldig godt vare på her, både med omsyn til helse og familie. Og no er Skandinavia blitt «in» og populært blant dansarar, blant anna på grunn av design og arkitektur, fortel Maiko.

Maiko har jobba ved Operaen i fleire år. Etter kvart har ho fått permanent opphaldsløyve og etablert seg i Noreg. Ho har hatt mange framståande roller ved Operaen i Oslo og er ein av dei mest omtykte ballettdansarane vi har.

– Eg trur den viktigaste årsaka til suksessen min er at eg veit når eg kommuniserer med publikum: Det er når dei er like glade som eg. Og når dei reiser seg for meg – det er nydelege augeblinkar.

45 nasjonalitetar i Operaen

Operaen i Bjørvika husar til saman rundt 45 nasjonalitetar. I 2011 fekk personar frå åtte forskjellige land sitt første opphaldsløyve for å jobbe der, anten på scena, bak scena eller i orkestergrava. Det har komme flest frå Japan: sju personar i 2011 og 25 sidan Operaen flytta til Bjørvika. USA, Cuba og Montenegro er andre land som er godt representerte. 12 nye tilsette frå USA har fått opphaldsløyve dei siste to åra, åtte frå Cuba og seks frå Montenegro.

Ballettsjef Espen Giljane meiner det styrkjer Nasjonalballetten å ha eit breitt spekter av nasjonalitetar representerte i ensemblet.

– Noreg utdannar for få ballettdansarar på det nivået som er forventa i Nasjonalballetten, men sidan dans er ei internasjonal kunstform som ikkje er avhengig av språk, er det enkelt å rekruttere dansarar frå andre land. Vi har så mange dansarar frå Japan fordi vi vel ut dei beste, same kvar dei kjem frå. Japanske dansarar har hevda seg sterkt dei siste åra. Dei jobbar veldig konsentrert og disiplinert, noko som er nødvendig for å lykkast som ballettdansar. Det er også stor interesse for ballett i Japan, og det finst mange ballettskular der, forklarer ballettsjefen.

– Å ha menneske med forskjellig bakgrunn inspirerer og styrkjer kompaniet og gjer framsyningane meir spennande for publikum.