Store forskjellar i kven som fekk familieinnvandring

07.03.2012

73 prosent av dei som søkte om familieinnvandring, fekk opphaldsløyve for å bu saman med ein familiemedlem i Noreg i 2011. Men det var store forskjellar mellom dei ulike landa når det gjeld kor mange som fekk positivt svar.

Store forskjellar mellom landa

Ni av ti søkjarar frå Nord- og Sør-Amerika fekk godkjent familieinnvandring. Afrika, Midtausten og Sør- og Sentral-Asia hadde nokså mange avslag. Høgast avslagsprosent var det for søknader frå land i Aust-Afrika – i snitt var det berre 55 prosent av søkjarane derfrå som fekk familieinnvandringsløyve.

Illustrasjon: Verdskart med godkjenningsprosent for løyve

Figur: Innvilgelsesprosent familieinnvandring for ulike land

 

Fakta om spesifikke land og områder

Nord-Afrika

  • Familiemedlemmen i Noreg hadde vanlegvis norsk opphav.
  • Dei fleste søkjarane var kvinner, men prosentdelen av menn var høgare enn i alle familiesaker sett under eitt.
  • Marokko var det største søkjarlandet.

Aust-Afrika

  • Familiemedlemmen i Noreg var ofte flyktning.
  • Nær 60 prosent av dei som søkte, var barn med foreldre i Noreg. 
  • Godkjenningsprosenten var høgare for barn enn for vaksne. 
  • Eritrea, Etiopia og Somalia var dei største søkjarlanda.

Søraust-Asia

  • Familiemedlemmen i Noreg hadde vanlegvis norsk opphav.
  • Dei fleste som søkte, var kvinner.
  • Thailand og Filippinane var dei største søkjarlanda.

Tyrkia

  • Tyrkia skilde seg frå resten av Midtausten ved ein langt større prosentdel mannlege søkjarar. 
  • Familiemedlemmen i Noreg hadde vanlegvis norsk opphav.
  • Avslagsprosenten var høgare enn elles i Midtausten. Det var ingen forskjell i avslagsprosent mellom kvinner og menn.

India

  • India skilde seg ut frå resten av Sør- og Sentral-Asia med berre 6 prosent avslag.
  • Familiemedlemmen i Noreg var oftast ein person med arbeidsløyve som faglært.
  • Dei fleste søkjarane var kvinner eller barn.

Kvifor er det større avslagsprosent for visse land?

Norske styresmakter meiner det er viktig at dei som vil ha ein eller fleire familiemedlemmer til Noreg, skal kunne forsørgje dei. Den vanlegaste grunnen til at vi avslo søknader om familieinnvandring i 2011, var at kravet til inntekt ikkje var oppfylt. Etter at den nye utlendingslova tok til å gjelde i 2010, blei inntektskravet stramma inn. Det var truleg ein del av årsaka til at avslaga i 2010 auka med 6 prosentpoeng frå året før.

I tillegg var det fleire avslagsgrunnar og problemstillingar som var meir aktuelle for enkelte land enn for andre. Ofte kom desse avslagsgrunnane i tillegg til at inntektskravet ikkje var oppfylt.

  • Kravet om fire år med arbeid eller utdanning
    Asylsøkjarar eller flyktningar, og personar som sjølv har komme til Noreg som familieinnvandrarar og stifta familie etter at dei kom, må ha jobba eller studert i minst fire år for at familien deira skal kunne komme på familieinnvandring. Dette kravet rammar fleire personar frå dei landa det kjem eller har komme mange asylsøkjarar frå. 
  • Identitetsdokument
    Mange av søkjarane frå Afrika og delar av Asia hadde ikkje høve til å skaffe ID-dokument eller andre dokument som kunne bevise familierelasjonen. Frå visse land er dessutan dokumenta vi får inn, ofte falske. Det var derfor fleire avslag på søknader frå desse landa grunna ID-tvil eller fordi vi meinte det var usannsynleg at dei var i familie på den måten dei hevda.
  • Proformaekteskap
    I mange av landa med høg avslagsprosent har mange eit sterkt ønske om å utvandre, og somme er villige til å gå svært langt for å etablere seg i Vesten. Nokre av dei som søkte om opphaldsløyve med ektefelle, var ikkje i eit reelt samliv, men inngjekk ekteskap for å få opphaldsløyve i Noreg. I 2011 avslo vi 120 søknader med dette som grunngiving. Somalia, Marokko og Tyrkia var landa med flest avslag på grunn av proformaekteskap. 
  • Strengare krav for fosterbarn, heilsysken og barn over 18 år
    Særleg frå landa i Aust-Afrika var det ein del søknader frå fosterbarn og frå heilsysken over 18 år. Det er mange krav som må vere oppfylte før ein kan få slikt løyve, og dei aller fleste slike søknader blei avslått. Ein del av søkjarane frå desse områda var elles personar over 18 år med foreldre i Noreg, og i regelverket er det svært lite rom for å gi løyve til desse.

 

Figur: Familieinnvandringsløyve etter opphaldsgrunnlaget til personen i Noreg, 2011

 

Figur: familieinnvandring etter oppholdsgrunnlaget til personen i Norge

 

Forslag til endringar i regelverket

Med dei nye reglane for familieinnvandring blei kravet til inntekt strengare. Etter kvart som vi har erfart korleis regelverket fungerer i praksis, har vi sett at reglane gir fleire utilsikta verknader. UDI har komme med innspel om dette til Justisdepartementet og foreslått at regelverket blir justert. Blant anna har vi foreslått at også inntekta til personen som søkjer om løyve, kan reknast med når vi vurderer om kravet til forsørging er oppfylt.

 

Nøkkeltal 2011

  • 73 prosent av søknadene blei godkjende
  • 12 900 fekk familieinnvandringsløyve
  • 41 prosent av løyva blei gitt til barn 
  • 77 prosent av løyva til vaksne var til kvinner
  • Det kom flest frå Somalia, Thailand, Filippinane, Eritrea og Russland