Kven kom til Noreg i 2011?

07.03.2012

Utanom EØS-borgarar, som ikkje lenger treng å søkje om opphaldsløyve, utgjorde personar frå Filippinane den største gruppa innvandrarar til Noreg i 2011.

Til saman fekk fleire enn 30 300 personar eit løyve til lengre opphald i Noreg. 12 900 personar fekk godkjent familieinnvandring, 6 700 fekk utdanningsløyve, 9 900 fekk løyve til å arbeide i Noreg, og 4 000 fekk opphald etter å ha søkt asyl.

 

Figur: Verdskart – dei 30 største landa

Figur: Kven kom til Noreg i 2011

 

Filippinane største innvandringsland

3 400 av løyva blei gitt til filippinarar som kom til Noreg for å studere, arbeide eller bu saman med familiemedlemmer. Det var over 800 fleire enn neste nasjonalitetsgruppe, som var somaliarar. Filippinarane skilde seg ut ved å ha spesielt mange au pair-løyve. Eit au pair-løyve gir rett til opphald i Noreg i maksimalt to år.

Familie og arbeid dei vanlegaste opphaldsgrunnane

Frå 11 land var det meir enn 1 000 personar som fekk opphaldsløyve. Fleirtalet av søkjarane frå Somalia, Russland og Thailand fekk eit familieinnvandringsløyve, mens arbeid var den vanlegaste opphaldsgrunnen for dei som kom frå India, Romania, USA, Ukraina og Vietnam. Dei fleste kinesarane som kom til Noreg, kom for å studere. For berre eitt av desse 11 landa, Eritrea, utgjorde asyl meir enn halvparten av løyva som blei gitt.

Figur: Fordeling av type løyve, dei 11 største landa

Figur: Fordeling av type løyve, dei 11 største landa

Store innvandrargrupper treng ikkje søkje

Mange av dei som kjem til Noreg, treng ikkje lenger søkje om opphaldsløyve for å få lov til å vere her. Det gjeld blant anna EØS-borgarane (utanom borgarane frå Romania og Bulgaria), som frå 2009 berre treng å registrere seg hos politiet dersom dei planlegg å opphalde seg i Noreg i over tre månader. Nordiske borgarar har sidan 1954 kunna busetje seg fritt i Noreg ved å melde flytting til folkeregisteret. Nordiske borgarar er derfor ikkje med i statistikken over EØS-registreringane og heller ikkje over dei som har søkt om løyve.

Ingen straum av EØS-borgarar

Det er lite som tyder på ei stor tilstrøyming av EØS-borgarar som følgje av finanskrisa, men det har vore ein forholdsvis stor prosentvis auke av personar frå visse land i Europa, som Hellas, Spania og Irland. Alt i alt er talet likevel lite.
Til saman 53 000 EØS-borgarar registrerte seg for å opphalde seg i Noreg i meir enn tre månader. Det er 10 prosent færre enn året før. Størst var nedgangen for personar frå Polen og Litauen, sjølv om det framleis er dei klart største gruppene. Vi har ikkje oversikt over kor mange av desse som framleis er her, og kor mange som har reist tilbake.

Figur: Registreringar og førstegongsløyve til EØS-borgarar, 2008–2011

 

 

 

Figur: Registreringar og førstegongsløyve til EØS-borgarar etter formål, 2008–2011

Registreringar og førstegongsløyve, etter formål

Langt fleire turistar

Turistar, forretningsreisande og andre tilreisande frå visse land må ha visum for å komme til Noreg. Dei får som hovudregel visum til å vere i Noreg og Schengen-området i inntil 90 dagar. I 2011 fekk nesten 140 000 personar besøksvisum til Noreg. Dette var ny rekord. Som vanleg utgjorde russiske borgarar den største gruppa, med over ein tredel av alle besøkjande, men den relative auken var størst blant kinesarar.