Ein organisasjon i endring

07.03.2012

Endringar i migrasjonsbiletet, politiske avgjerder og teknologi påverkar korleis vi organiserer oss, korleis vi arbeider, og kor mange medarbeidarar vi har.

Færre medarbeidarar

Etter at UDI hadde vakse mykje i nokre år, begynte vi i slutten av 2010 å redusere bemanninga for første gong sidan 2006. Talet på asylsøknader nådde ein topp i 2009 og gjekk monaleg ned i 2010 og 2011. Mange mellombels tilsette fekk ikkje forlengd engasjementet sitt, og vi rekrutterte få nye medarbeidarar. I 2011 reduserte vi talet på tilsette endå meir gjennom naturleg avgang. I løpet av året slutta 13 prosent av dei tilsette, og berre 4 prosent av dei som blei rekrutterte til ledige stillingar, kom frå utanfor organisasjonen.

Stor intern mobilitet

Sjølv om vi ikkje tilsette mange nye, var det fleire av medarbeidarane som fekk ny jobb innanfor UDI. Gjennom året flytta 10 prosent frå éi avdeling til ei anna. Ein stor del gjekk frå asylavdelinga til opphaldsavdelinga, men også til stillingar i andre utviklings- og støtteavdelingar. I tillegg til dette bytte mange jobb innanfor eiga avdeling. For at vi skal kunne handtere oppgåvene våre, er det viktig at medarbeidarane er fleksible og har evne til å tilpasse seg nye oppgåver, sidan feltet og føresetnadene våre heile tida er i endring.

Mange leiarar blir rekrutterte internt

I avdelingane som arbeider med saksbehandling, er svært mange av leiarane rekrutterte frå eigne rekkjer. Regelverket som regulerer saksbehandlinga i utlendingssaker, er komplekst og omfattande, og vi ser at god fagleg innsikt hos leiarane er viktig.

 

Nøkkeltal

  • Årsverk til saman: 1 003
  • Tilsette til saman: 1 139 
  • Prosentdel med høgare utdanning: 84
  • Prosentdel med innvandrarbakgrunn: 17 
  • Snittalder: 41 
  • Gjennomsnittleg ansiennitet: 11 år