Kor mykje pengar brukte vi - og på kva?

07.03.2012

Drifta av asylmottaka utgjer alltid den største utgiftsposten. Budsjettet vårt er derfor i stor grad styrt av kor mange bebuarar det er i asylmottak, som igjen heng saman med talet på asylsøkjarar.

Halvparten av budsjettet til drift av mottak

Belegget i mottaka var mykje lågare i 2011 enn i 2010. Det endelege budsjettet blei derfor redusert med om lag 536 millionar i forhold til året før. Av det totale disponible budsjettet på nærmare 3,6 milliardar brukte vi nesten halvparten på drift av asylmottaka. Til saman hadde vi om lag 6 millionar bebuardøgn i mottak i 2011, om lag 9 prosent mindre enn i 2010.

I tillegg til kostnadene til sjølve mottaksdrifta brukte vi 878,4 millionar på tilskot til kommunane som asylmottaka ligg i, pengestøtte til mottaksbebuarane, returtiltak, tolkar og andre kostnader knytte til asylsøkjarar og overføringsflyktningar. Totalt brukte vi 2,59 milliardar på mottaksfeltet som heilskap, om lag 15 prosent mindre enn året før.

Asylsakene er langt meir tid- og kostnadskrevjande enn dei andre sakstypane. Vi brukte om lag 172,8 millionar på asylsakene, mens vi på alle opphaldsvedtak til saman brukte 216,9 millionar.

 

Rekneskapen for 2011 

Figur: Rekneskapen til UDI

 

 

Meir pengar til IKT

I 2011 brukte vi 794 millionar kroner på lønn og drift av UDI, omtrent like mykje som året før. Talet på årsverk gjekk ned med om lag 8 prosent, så sjølv om lønningane auka noko, blei lønnsutgiftene lågare. Dei andre driftskostnadene auka derimot med over 7 prosent, og det kjem først og fremst av auka kostnader til IKT. Vi fekk blant anna ekstra midlar til å utvikle dei nye opphaldskorta med biometriske kjenneteikn som skal erstatte løysinga med å setje inn etikettar i passa til personar som får opphaldsløyve. Nye system- og utviklingsleverandørar kravde også at vi etablerte nye test- og utviklingsmiljø.

Utlendingsforvaltninga brukte om lag 114 millionar på å utvikle nye og moderne elektroniske løysingar i regi av EFFEKT-programmet i 2011. Vi ferdigstilte den elektroniske søknadsløysinga (Søknad på nett) og det felles elektroniske arkivet for heile utlendingsforvaltninga (eSak). Vi jobba også med tre nye prosjekt: elektronisk utveksling av informasjon med ulike etatar som Skatteetaten, NAV, Lånekassa og politiet (eSamhandling), utveksling av dokument mellom utlendingsforvaltninga og advokatane til søkjarane (eDialog) og effektivisering av arbeidsprosessane i utlendingsforvaltninga for på sikt å automatisere vedtaka i enkelte sakstypar (Effektive arbeidsprosessar). Les meir om EFFEKT-programmet og kva resultat vi har oppnådd.

 

Budsjettet til UDI, 2005–2011

Rekneskapen for åra 2005-2011

Talet på bebuardøgn i mottak, 2005–2011

Talet på bebuardøgn i mottak, 2005-2011

Nøkkeltal for 2011

  • Totalrekneskap: 3 477 691 138
  • Opphaldssaker: 85 883 vedtak, einingspris 2 526
  • Asylsaker: 7 497 vedtak, einingspris 18 188

Politisk styring av rammene

Drifta av UDI blir finansiert gjennom statsbudsjettet, og det er Justis- og beredskapsdepartementet som fastset dei politiske prioriteringane og kva for oppgåver vi skal løyse. Det er UDIs ansvar å prioritere ressursane og organisere verksemda slik at vi når måla utan å overskride budsjettet. Det kan komme store endringar i oppgåver og prioriteringar frå år til år, og ressursbehovet kan endre seg gjennom året.