Kva gjorde UDI i 2011?
07.03.2012
UDI skal leggje til rette for ønskt og lovleg innvandring og sørgje for at dei som oppfyller vilkåra, får komme til Noreg. Samtidig har vi ein kontrollfunksjon og skal passe på at systemet ikkje blir misbrukt.
I 2011 behandla vi til saman 98 100 søknader. Familieinnvandring og statsborgarskap var dei største kategoriane.
Figur: Søknader behandla av UDI i 2011

I tillegg behandla også politiet og utanriksstasjonane mange søknader.
Mottaksapparatet
I tillegg har vi ansvar for at asylsøkjarane får tilbod om ein stad å bu. Vi la ned over 700 mottaksplassar, og ved utgangen av året hadde vi 18 400 mottaksplassar fordelte på 116 mottak.
Frivillig retur
Vi skal også finne gode løysingar for dei som ønskjer å reise tilbake til heimlandet, og behandlar søknader om frivillig, assistert retur. 1 800 asylsøkjarar returnerte frivillig til heimlandet med bistand frå norske styresmakter etter å ha fått avslag på asylsøknaden sin i 2011, 25 prosent fleire enn året før.
Brukarservice
I løpet av året svarte vi på 158 300 telefonførespurnader og 83 400 e-postar frå brukarane. Vi svarte også på 5 500 supportførespurnader til Søknad på nett og tok imot 34 600 gjester i Servicesenteret.