Informasjon om EU/EØS-regelverket
Spørsmål og svar
Om EU/EØS-regelverket
-
Kva er EU/EØS-regelverket?
Reglane om EU/EØS-borgarars og deira familiemedlemmers opphald i Noreg, blir kalla EU/EØS-regelverket. EU/EØS-regelverket gir alle EU/EØS-borgarar og familiemedlemmene deira rett til å bu, arbeide og studere i Noreg.
EU/EØS-regelverket er del av samarbeidet som Noreg har med EU, gjennom EØS-avtalen. Reglane som gjeld for EU/EØS-borgarar, er regulerte i EUs direktiv 2004/38/EF av 29. april 2004 og dette direktivet er teken inn i utlendingslova kapittel 13.
Merk at EU/EØS-borgarar står fritt til å søkje om eit opphaldsløyve i Noreg etter dei andre føresegnene i utlendingslova (det alminnelege/nasjonale regelverket).
-
Kven er EU/EØS-borgar?
Når vi bruker omgrepet “EU/EØS-borgar”, meiner vi ein statsborgar av eit av EU-landa, Island, Liechtenstein eller Sveits.
Statsborgarar av desse landa blir derfor rekna som EU/EØS-borgarar:
Belgia, Bulgaria, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Island, Italia, Kroatia, Kypros, Latvia, Liechtenstein, Litauen, Luxembourg, Malta, Nederland, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia, Spania, Sverige, Sveits, Tsjekkia, Tyskland, Ungarn og Østerrike.
-
Kven er omfatta av EU/EØS-regelverket?
Alle EU/EØS-borgarar og familiemedlemmene deira er omfatta av EØS-regelverket.
Dette gjeld både når familiemedlemmen er statsborgar av eit EU/EØS-land og når familiemedlemmen er borgar av eit land utanfor EU/EØS.
"Familiemedlemmer" kan vere:
- Ektefellar eller registrerte partnarar
- Sambuarar
- Trulova
- Barn og barnebarn under 21 år
- Barn og barnebarn over 21 år
- Barn fødd i Noreg
- Fosterbarn under 18 år
- Barn under 18 år som har søsken i Noreg
- Foreldre og besteforeldre som skal flytte til barn eller barnebarn i Noreg
- Familiemedlemmer som treng pleie og omsorg
-
Kva inneber brexit?
Storbritannia forlét EU 31. januar 2020. Britiske statsborgarar er ikkje lenger EU- eller EØS-borgarar.
Her finn du svar på vanlege spørsmål om brexit.
Registreringsordninga
-
Kva er registreringsordninga for EU/EØS-borgarar?
EU/EØS-borgarar må registrere seg når dei skal vere i Noreg i over tre månader. EU/EØS-borgarar må ha eit opphaldsgrunnlag i Noreg, altså vere anten arbeidstakar eller sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student eller ha eigne midlar til å forsørgje seg sjølv.
Familiemedlemmer til ein EU/EØS-borgar som er EU/EØS-borgarar sjølv, må bruke registreringsordninga for EU/EØS-borgarar og registrere seg som familiemedlemmer.
Familiemedlemmer til ein EU/EØS-borgar som er frå land utanfor EU/EØS-området, må søkje om opphaldskort viss dei skal vere i Noreg i meir enn tre månader.
-
Er det politiet eller UDI som registrerer EØS-borgarar og familiemedlemmene deira?
Det er politiet som får alle saker om registrering av EU/EØS-borgarar.
Det er politiet som kan svare deg på spørsmål om registreringa di som EU/EØS-borgar i Noreg. UDI kan gi deg generell informasjon om EU/EØS-regelverket.
Det er også politiet som får alle søknader om opphaldskort for familiemedlemmer til EU/EØS-borgarar. Søknader om opphaldskort vil bli behandla av politiet eller UDI.
Du vil få ein e-post viss søknaden din er send frå politiet til UDI. Viss du ikkje finn svar på spørsmåla dine på nett, kan du vende deg til etaten som har saka di til behandling.
Dersom du lurer på kor lenge du må vente for å få svar, kan du sjå ventetidene til politiet (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu) og UDIs ventetider.
-
Kva er eit registreringsbevis for EU/EØS-borgar?
Eit registreringsbevis er eit dokument frå politiet som stadfestar at ein EU/EØS-borgar har registrert seg for å bu i Noreg i meir enn tre månader.
Registreringsbeviset kan ikkje stadfeste at EU/EØS-borgaren har opphaldsrett i Noreg etter tidspunktet for sjølve registreringa.
Ein EU/EØS-borgar skal som hovudregel berre registrere seg éin gong, same kor lenge han eller ho skal bu i Noreg. EU/EØS-borgaren kan også byte opphaldsgrunnlag under opphaldet i Noreg, for eksempel byte frå å vere student til å vere arbeidstakar, utan å registrere seg på nytt.
Viss ein EU/EØS-borgar treng å dokumentere at han eller ho har opphaldsrett, gjer personen det ved å vise fram for eksempel arbeidskontraktar, lønnsslippar, studiebevis eller liknande, til dei som ber om informasjon om opphaldsretten.
Viss ein EU/EØS-borgar er i Noreg i meir enn tre månader utan å registrere seg, kan han eller ho få ei bot.
-
Korleis kan eg få ein kopi av registreringsbeviset?
Viss du har mista registreringsbeviset ditt og treng ein kopi, må du kontakte det lokale politidistriktet ditt eller eit SUA-kontor (eksternt nettsted).
Lovleg opphald
-
Kan norske borgarar og familiemedlemmene deira vere omfatta av EU/EØS-regelverket i Noreg?
Dersom referansepersonen (familiemedlemmen i Noreg) er norsk, blir denne personen og familiemedlemmene hans eller hennar, omfatta av EØS-regelverket viss
- dei har budd fast saman i eit anna EU/EØS-land enn Noreg, og
- referansepersonen har vore arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, hatt tilstrekkeleg midlar eller vore student der, og
- dei no flyttar til Noreg saman eller gjenforeinast her
-
Korleis oppheld EU/EØS-borgarar, og familiemedlemmene deira, seg lovleg i Noreg?
Ein EU/EØS-borgar har som hovudregel opphaldsrett i Noreg i inntil tre månader, for eksempel for besøk og feriar. For å ha slik opphaldsrett må EU/EØS-borgaren ha gyldig identitetskort eller pass, og ikkje bli ei urimeleg byrde for offentlege velferdsordningar.
Ein EU/EØS-borgar kan ha opphaldsrett i Noreg i meir enn tre månader. For å ha ein slik opphaldsrett må EU/EØS-borgaren ha gyldig identitetskort eller pass, og vere anten arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student eller ha eigne midlar til å forsørgje seg sjølv.
Familiemedlemmene til ein EU/EØS-borgar har opphaldsrett i Noreg i meir enn tre månader, viss EU/EØS-borgaren har opphaldsrett som beskrive over. Dette er føresett at familiemedlemmene følgjer eller blir gjenforeina med EU/EØS-borgaren i Noreg.
-
Eg har vore på besøk i Noreg i tre månader. Kan eg søkje om å få vere her lengre?
Nei, det er ikkje mogleg for ein EU/EØS-borgar å søkje om å få vere i Noreg lenger enn tre månader som besøkjande eller turist. Etter tre månader må du reise frå Noreg.
Når du har reist ut av Noreg, kan du likevel reise inn igjen til Noreg omgåande og byrje på eit nytt tre månaders opphald som besøkjande eller turist. Det er ikkje noko krav til kor lenge du må vere utanfor Noreg før du reiser inn igjen.
Når du er i Noreg som besøkjande eller turist, er du sjølv ansvarleg for alle utgiftene dine under opphaldet i her.
Viss du ønskjer å vere i Noreg i meir enn tre månader, må du utøve EU/EØS-rettar som arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student, ha eigne midlar til å forsørgje deg sjølv eller vere arbeidssøkjande. Då må du også søkje om registrering etter EU/EØS-regelverket.
Viss du som EU/EØS-borgar har vore i Noreg i meir enn tre månader og ikkje utøvar EU/EØS-rettar, kan politiet sende deg ut med tvang.
Arbeid i Noreg
-
Kan ein EU/EØS-borgar komme til Noreg og så søkje om arbeid her?
Ein EU/EØS-borgar som har komme til Noreg for å søkje arbeid, kan vere i Noreg i inntil seks månader. EU/EØS-borgaren må melde seg som arbeidssøkjar hos politiet seinast tre månader etter framkomst til Noreg.
-
Skal ein EU/EØS-borgar søkje om opphaldsløyve for å bu og arbeide i Noreg?
Ein EU/EØS-borgar har rett til å opphalde seg i Noreg viss EU/EØS-borgaren er arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student eller har eigne midlar til å forsørgje seg sjølv og har gyldig identitetskort eller pass.
Ein borgar av eit EU/EØS-land treng ikkje eit opphaldsløyve for å ta seg arbeid i Noreg.
-
Korleis får ein EU/EØS-borger skattekort?
Alle som jobbar i Noreg må ha eit skattekort og eit norsk identitetsnummer, anten D-nummer eller fødselsnummer.
-
Korleis får ein EU/EØS-borger eit D-nummer eller eit fødselsnummer?
Statsborgarar av eit EU/EØS-land må sjølv kontakte Skatteetaten for å få tildelt eit D-nummer eller fødselsnummer.
Statsborgarar av eit EU/EØS-land får fødselsnummer frå Skatteetaten ved å melde flytting til Noreg etter at dei har registrert seg. Du må melde flytting til Skatteetaten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu)
Eit fødselsnummer er eit permanent identitetsnummer (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu)
Viss ein EU/EØS-borgar vil byrje å arbeide før han/ho har registrert seg, må han/ho søkje om skattekort hos Skatteetaten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu).
Skatteetaten kan då gi deg eit D-nummer (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu) som er eit mellombels identitetsnummer.
-
Korleis får familiemedlemmer av EØS-borgarar D-nummer eller fødselsnummer?
Viss du er familiemedlem av ein borgar frå eit EU/EØS-land, må du sjølv kontakte Skatteetaten for å få eit D-nummer eller fødselsnummer.
Du får fødselsnummer frå Skatteetaten ved å melde flytting til Noreg (eksternt nettsted) etter at du har registrert deg eller fått innvilga oppholdskort som familiemedlem av ein EU/EØS-borger.
Eit D-nummer (eksternt nettsted) er eit mellombels identitetsnummer. Eit fødselsnummer (eksternt nettsted) er eit permanent identitetsnummer.
Viss du vil begynne å jobbe før du har blitt registrert som familiemedlem av ein EU/EØS-borgar, eller har fått innvilga opphaldskort som familiemedlem av ein EU/EØS-borgar, må du søkje om eit skattekort hos Skatteetaten (eksternt nettsted). For å kunne begynne å jobbe må du dokumentere at familiemedlemmen din har opphaldsrett i Noreg. Det å ha opphaldsrett betyr at EU/EØS-borgaren anten er arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, student, har eigne midlar, eller er tilsett i eit utanlandsk firma. Dersom han/ho er student eller er her på eigne midlar, må han/ho ha forsikring.
Rettar i Norge
-
Skal ein EØS-borgar melde flytting til Noreg?
Dersom ein EØS-borgar skal bu fast i Noreg, må han eller ho melde flytting til Noreg (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu). Det same gjeld familiemedlemmene til EØS-borgaren.
Sjå meir om å melde flytting til Noreg på nettsida til Skatteetaten (eksternt nettsted).
-
Eg er permittert og NAV ber meg om kopi av registreringsbeviset mitt. Kan eg få det?
Nei, du kan ikkje få kopi av registreringsbeviset ditt. Det er ikkje nødvendig å levere registreringsbevis for å registrere deg som arbeidssøkjande eller for å søkje om dagpengar. Viss du blir beden om å laste opp kopi av registreringsbevis i NAV sitt skjema, treng du ikkje å gjere dette.
Viss du har problem med å søkje om dagpengar digitalt, må du bruke papirløysinga og sende inn krav i den vanlege posten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu) Du får etterbetalt dagane som blir brukte på postgang når registreringa kjem inn seinare.
-
Eg er EU/EØS-borgar og bor i Noreg. Kva rettar har eg innan helse og viss eg blir arbeidsledig eller permittert?
UDI kan dessverre ikkje svare på spørsmål om rettane dine i Noreg.
Du finn informasjon om helserettane dine på helsenorge.no (eksternt nettsted)
Du finn informasjon om permittering, dagpengar og omsorgspengar på nav.no (eksternt nettsted).
-
Eg er EU/EØS-borgar og er permittert frå jobben min. Vil det få nokon konsekvensar for opphaldet mitt i Noreg?
Har du vore i lønt arbeid i meir enn eitt år?
Då gjeld følgjande for deg:
Du bevarer statusen din som arbeidstakar dersom du kan dokument at du er permittert og har meldt deg som arbeidssøkjande til NAV.
Har du vore i lønt arbeid i under eitt år?
Då gjeld følgjande for deg:
Du bevarer statusen din som arbeidstakar i 6 månader dersom du kan dokumentere at du er permittert og har meldt deg som arbeidssøkjande hos NAV.
-
Eg er EU/EØS-borgar, men har ikkje fått registrert meg enno og no har eg vorte permittert. Eg får ikkje sett fram krav om dagpengar hos NAV. Kva gjer eg?
NAV har ikkje noko krav om registreringsbevis frå politiet for å få dagpengar, men du må registrere deg som arbeidssøkjar hos NAV.
Viss du har problem med å søkje om dagpengar digitalt, må du bruke papirløysinga og sende inn krav i den vanlege posten (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu) Du får etterbetalt dagane som blir brukte på postgang når registreringa kjem inn seinare.