Faglært


For å bli rekna som faglært må du ha fullført fagutdanning, fullført høgare utdanning eller ha spesielle kvalifikasjonar.

Krav til utdanninga/kompetansen din

Du må ha ein av desse typane utdanning/kompetanse:

  • Fullført fagutdanning frå vidaregåande skule, minst tre år, for eksempel som snikkar eller helsefagarbeidar. Det må finnast ei tilsvarande fagutdanning i Noreg.
  • Fullført utdanning eller grad frå universitet/høgskule, for eksempel bachelorgrad som ingeniør eller sjukepleiar.
  • Spesielle kvalifikasjonar som er kompetanse du har opparbeidd deg gjennom lang yrkeserfaring, eventuelt i kombinasjon med kurs og noko utdanning. Du må ha like høg kompetanse som ein som har fullført fagutdanning frå vidaregåande skule. Vanlegvis må du ha minst seks års yrkeserfaring. For eksempel, viss du har arbeidserfaring som målar, må du leggje fram detaljerte arbeidsattestar frå tidlegare arbeidsgivarar som viser at du har lært og kan det same, som ein person som har fagutdanning som målar. Det skal svært mykje til å få løyve i slike saker. Mange søknader blir avslått.

Fant du det du lette etter?