Menneskehandel


Vi kallar det menneskehandel når ein person utnyttar ein annan til for eksempel prostitusjon, arbeid, tigging eller kriminalitet.

Personen som blir utnytta, kan vere eit barn eller ein vaksen i ein sårbar situasjon som blir lurt eller utsett for vald, truslar eller tvang.

Menneskehandel inneber grove brot på menneskerettane og er forbode i Noreg.

Alle fasane ved utnyttinga er straffbare, både rekruttering, transport, losjering og mottak av personen. Den som blir kjend skuldig i menneskehandel, risikerer fengselsstraff i inntil 10 år.

Blir du utnytta i prostitusjon, arbeid, tigging eller kriminalitet?

Dersom du er utsett for menneskehandel, kan du få hjelp av norske styresmakter. Du kan få ein trygg bustad på eit krisesenter eller frå barnevernet, rettleiing og advokathjelp til å melde dei som har utnytta deg. Dersom du ønskjer å reise heim, kan du få hjelp til trygg retur frå den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM).

Dersom du ikkje har opphaldsløyve kan du søkje om dette.  

Kva slags opphaldsløyve kan du få i Noreg?

Du kan søkje om eit avgrensa opphaldsløyve for offer for menneskehandel, eller du kan søkje om beskyttelse (asyl) i Noreg.

Refleksjonsperiode

Refleksjonsperiode er eit opphaldsløyve som varer i seks månader. Det kan ikkje fornyast. Du kan få eit slikt opphaldsløyve for å komme deg vekk frå dei som har utnytta deg, og få hjelp til å komme til hektene. Du vil få hjelp til å melde dei som har utnytta deg.

Avgrensa opphaldsløyve

Dersom det er nødvendig at du er i Noreg mens politiet etterforskar bakpersonane, eller under rettssaka, kan du få eit avgrensa opphaldsløyve i inntil eitt år. Dette løyvet kan fornyast dersom det er nødvendig for etterforskinga eller rettssaka. 

Opphaldsløyve for vitne i sak om menneskehandel

Dersom du har vitna i ei sak om menneskehandel, kan du søkje om beskyttelse (asyl). UDI vil vurdere om du kan få beskyttelse, opphaldsløyve for vitne i saker om menneskehandel eller opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn.

Beskyttelse (asyl)

Dersom du er utsett for menneskehandel, kan du søkje om beskyttelse (asyl).

Dersom du har fått refleksjonsperiode eller avgrensa opphaldsløyve, kan du søkje om vern (asyl) seinare.

Dersom du har søkt om asyl, kan du trekkje asylsøknaden og søkje om refleksjonsperiode i staden. Du kan be UDI om å behandle asylsøknaden din seinare.

Dersom du har barn i Noreg, kan dei få same type opphaldsløyve som du. 

Kven kan hjelpe deg?

  • ROSA (eksternt nettsted) kan svare på generelle spørsmål og gi deg rettleiing om situasjonen din. Telefon: 22 33 11 60 (Den nasjonale hjelpetelefonen mot menneskehandel, open 24 timar i døgnet)
  • UDI eller politiet der du bur, for å få hjelp til å søkje om opphaldsløyve
  • IOM (eksternt nettsted) kan hjelpe deg med trygg retur til heimlandet ditt. Dei kan òg tilby økonomisk reintegreringsstøtte og oppfølging i eitt år etter at du har reist heim. E-post: iomoslo@iom.int Telefon: 23 10 53 20

Meir informasjon for hjelparar

Fant du det du lette etter?