Heimta seier opp avtale i Øyer


Heimta har varsla at dei seier opp avtalen med UDI om drift av særskilt bo- om omsorgsteneste i Øyer kommune. Avtalen har ein oppseiingsfrist på seks månader.

Publisert: 24.10.2018

Bakgrunnen for oppseiinga er at Heimta ønskjer å halde fram drifta i dei midlertidige bustadane dei nyttar no, og ikkje ta bygningsmassen på Sølvskottberget i Øyer i bruk.

Dette kan ikkje UDI akseptere, fordi det bryt med føresetnadane i avtalen som mellom anna inneber ei samla plassering av bebuarane i ein kommune. Det er heller ikkje i tråd med tilbodet som Heimta leverte i konkurransen, der dei tilbyr eit tiltak på Sølvskottberget i Øyer kommune.

Avtalen om drift av særskilt bo- og omsorgsteneste vil derfor bli lyst ut på nytt.

Vil du hjelpe oss med å forbedre nettsiden?

Fant du det du lette etter?