Auka arbeidsinnvandring første halvår


Innvandringa av faglærte arbeidstakarar frå land utanfor EU/EØS har auka med 13 prosent frå i fjor. UDI-tal for første halvår viser og at det har kome 7 prosent fleire sesongarbeidarar, medan arbeidsinnvandringa frå EU/EØS er stabil og på nivå med 2016.

Published: 06.07.2017

– Auken i talet på faglærte arbeidssøkjarar frå tredjeland, tyder på at den nedgangen vi opplevde i fjor har stansa, seier områdeleiar Jonas Folmo i UDI.

Tabell som viser talet på dei som har fått opphaldsløyve for arbeid, første halvår 2017.

Servicesenteret for utanlandske arbeidstakarar i Stavanger (SUA-kontoret) melder at tala der har stabilisert seg, medan SUA-kontoret i Oslo opplever den same auken som UDI. Serbia er det landet som aukar mest, og ligg føre India med tal på faglærte arbeidsinnvandrarar. Filippinene ligg fortsatt høgt og på ein tredjeplass. Til saman kom det 1308 faglærte frå land utanfor EU/EØS første halvår. 

Endra arbeidsmarknad

– Mykje tyder på at det er arbeidsmarknaden som har endra seg frå i fjor, sidan det ikkje er ei konkret næring eller eit einskild land som peikar seg ut, seier Folmo. -Vi får og færre spørsmål om oppseiingar no, noko som styrkar trua på at det er marknaden som har endar seg, seier han.

Det kom 2082 sesongarbeidarar til Noreg første halvår i år. Det er ein auke på sju prosent frå i fjor, og fleire enn i nokre av dei fem siste åra. Vietnam er det landet vi får flest sesongarbeidarar frå. 

Stabil innvandring frå EU/EØS

EØS-registreringane held seg stabile med 16969 arbeidsinnvandrarar første halvår. Men det er berre nye registreringar og seier ingen ting om kven som framleis er her av dei som er registrert frå før, ifølgje Folmo. Det er heller ikkje sikkert at alle registrerer seg. Polen er framleis det landet vi får flest arbeidstakarar frå i EU/EØS-området. 

Grafen viser arbeidsinnvandringa til Noreg første halvår i åra 2012–17 (Arbeidsinnvandringa frå EU/EØS-området er ikkje inkludert)
Arbeidsinnvandringa frå utanfor EU/EØS-området til Norge første halvår i åra 2012 til 2017.

Grafen viser talet på faglærte arbeidsinnvandrarar til Noreg første halvår i åra 2012-17 (Arbeidsinnvandringa frå EU/EØS-området er ikkje inkludert)

Arbeidsinnvandrarar frå utanfor EU/EØS-området som fekk opphaldsløyve som faglært. Tal for første halvår i åra 2012 til 2017.

 

 Tabellen viser talet på sesongarbeidarar til Noreg første halvår i åra 2012-17 (Arbeidsinnvandringa frå EU/EØS-området er ikkje inkludert)
 Arbeidsinnvandrarar frå utanfor EU/EØS-området som fekk opphaldsløyve som sesongarbeidar. Tal for første halvår i åra 2012 til 2017.