Må gi raskare støtte til traumatiserte barn


Traumatiserte barn blant asylsøkjarar må bli identifisert som sårbare med ein gong dei kjem til landet og få særskild oppfølging, anbefaler forskarar i ein ny rapport som UDI har bestilt.

Published: 01.06.2015

Forskarane anbefaler i hovudsak denne oppfølginga av familiar med traumatiserte barn:

  • Sørgje for færrast mogleg flyttingar etter at dei har kome til Noreg og gi bustader som sikrar privatliv
  • Styrke kompetansen på traumer blant dei tilsette i mottaka og auke bemanninga ved mottaka
  • Forbetre helsetilbodet til denne gruppa
  • Forbetre fritidstilbodet og tilbodet om barnehage og skule

-Vi kjem til å sette oss godt inn i rapporten og vurdere korleis vi skal følgje han opp, fortel avdelingsdirektør i UDI Christine Wilberg.

Rapporten er utarbeidd av Senter for interkulturell kommunikasjon (SIK) på oppdrag frå UDI i samarbeid med Helsedirektoratet (lenke til rapporten). Den kjem med anbefalingar både til utlendingssektoren og til helse- og utdanningssektoren.

Arbeid for sårbare grupper

Rapporten er eit ledd i eit større arbeid UDI har satt i gang for sårbare grupper blant asylsøkjarar i Noreg (lenke til definisjon av sårbare grupper). Arbeidet med rapporten starta etter kritikk frå FNs barnekomité av manglande tilbod til traumatiserte barn som søkjer asyl.

Bustader som sikrar privatliv

Forskarane anbefaler at ein innkvarterer barnefamiliar med traumatiserte barn i toromsleilegheiter og større leilegheiter, for å sikre familien privatliv og for å gi barna høve til å gjere lekser i ro i eit anna rom enn det som er felles opphaldsrom. Også i dag plasserer UDI barnefamiliar i størst mogleg grad i eigne leilegheiter, avhengig av kva for lokale ein har til disposisjon.

Auke kompetansen på traumer

Ifølgje forskarane bør ein setje dei tilsette enda betre i stand til å vere merksame på særskilde behov hos barn som er traumatiserte. I tillegg bør ein auke bemanninga, slik at dei tilsette får meir tid i kvardagen til å snakke med barna når dei har behov for det.

Betre helsetilbod

I rapporten tar forskarane også føre seg område som fell innunder ansvarsområda til Helsedirektoratet, og tek til orde for å innføre ein rask sjekk av den psykiske helsa til asylsøkjarane med en gang dei kjem til Noreg. Dei anbefaler vidare eit løp med tilbod om psykologhjelp til traumatiserte barn. UDI har hatt eit pilotprosjekt ved Refstad asylmottak med helsesjekk, som direktoratet har anbefalt å føre vidare.

Fritidstilbod og barnehage eller skule

Forskarane meiner at barna raskt bør komme inn i ein normal kvardag og bli kjend med ikkje-traumatiserte barn. Dei anbefaler òg at barn som søkjer asyl skal ha rett på barnehageplass, og få økonomisk stønad til å kunne delta på betalande fritidsaktivitetar som idrettslag og liknande utanfor mottaket dei bur i.

Hjelp oss med å forbetre nettsidene: Fann du det du leita etter?