Mellombels stopp i returar til Gaza


UDI og UNE har vedtatt å utsette utreiseplikten til Gaza i ein periode på inntil 6 månader, det vil seie at politiet i denne perioden ikkje skal gjennomføre tvangsreturar til Gaza.

Published: 25.06.2021

Det inneber at personar som har fått endeleg avslag om retur til Gaza ikkje har plikt til å forlate Noreg så lenge returstoppen varer. Dette gjeld personar frå Gaza som:

  • har fått avslag på søknad om vern
  • har blitt utvist frå Noreg
  • har fått opphaldsløyvet tilbakekalla
  • oppheld seg i Noreg og har fått avslag på søknad om opphaldsløyve

Les orienteringa til UNE: UNE stoppar returar til Gaza (ekstern nettstad).

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?