Nå kan du søkje om tilskot til aktivitetstilbod for barn i asylmottak


Du kan søkje støtte til aktivitetar som gir ein meir meiningsfull kvardag for barn i asylmottak. Aktivitetstilbodet skal vere tilpassa alderen til barna, utviklingsmessige behov og interesser. Søknadsfristen er 15. november 2021.

Published: 15.10.2021

Vi kan gi støtte til ulike aktivitetar, mellom anna:  

  • kulturelle opplevingar
  • hobbyverksemd
  • fysisk aktivitet
  • utflukter
  • opplæring i praktiske evner som kan komme til nytte seinare, enten i Noreg eller i heimlandet.

Søknadsfrist og tildeling

For 2022 har regjeringa foreslått 5,2 millionar kroner i tilskot til aktivitetar for barn i asylmottak. Tildelinga vår av aktivitetsmidel til frivillige aktørar føreset at Stortinget godkjenner løyvinga gjennom budsjettvedtak i desember 2021. Eventuell tildeling av tilskot vil skje i januar 2022. 

Vi ønsker tidleg oppstart av aktivitetar for barn i 2022, og derfor er fristen for å søke om tilskot sett til den 15. november 2021. 

Regelverk for tilskotsordninga

I forskrift om tilskot til aktivitetstilbod for barn i asylmottak (ekstern nettstad) kan du lese kva krav som må vere oppfylt. Søknaden må fylle krava som er lista opp i § 6.

Du finn rutinar for UDIs  saksbehandling av søknader, utbetaling, oppfølging og kontroll her (ekstern nettstad).

Informasjonsmøte om tilskotsordninga

Vi inviterer til eit digitalt informasjonsmøte på Teams i forkant av søknadsfristen. 

På møtet vil vi gi ein kort status på eksisterande og evt. planlagde asylmottak/ innkvarteringstilbot. 

Vidare vil vi gjennomgå krav til søknad, det praktiske rundt søknadsbehandlinga, tildelinga, krav etter at midla er tildelte og fristar. 

Dato: 25. Oktober kl. 12.00 - 13.00

Påmelding blir send på e-post til: chkal@udi.no 

Frist for påmelding er seinast fredag 22. oktober kl. 12.00

Asylmottak 

Frå og med 1. oktober 2021 har vi mottak i desse fylka og kommunar: 

  • Troms og Finnmark: Bardu og Salangen. I desember opnar vi eit mottak i Sør-Varanger kommune.
  • Nordland: Hadsel
  • Trøndelag: Steinkjer og Trondheim
  • Møre og Romsdal: Sunndal (akuttinnkvartering) og Tingvoll
  • Vestland: Kinn og Stord 
  • Rogaland: Hå (akuttinnkvartering)
  • Agder: Kristiansand
  • Vestfold og Telemark: Nome, Porsgrunn (akuttinnkvartering)
  • Innlandet: Nord-Fron, Ringsaker, Vang og Østre Toten
  • Viken: Indre Østfold (transittmottak), Råde (Nasjonalt ankomstsenter) og Våler (transittmottak)

Kontaktinformasjon til asylmottaka finn du her. 

Slik søker du

Av personvernomsyn må du ikkje sende inn eller dele bilete av barn som kan identifiserast. 

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte det regionkontoret som skal behandle søknaden.

  • Søknader frå landsdekkjande organisasjonar, med aktivitetar som skal føregå i tre eller fleire fylke, blir behandla av UDI Regionkontor Nord.  
  • Søknader om aktivitetar i Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag og Møre og Romsdal blir behandla av UDI Regionkontor Nord. 
  • Søknader om aktivitetar i Viken, Innlandet, Agder, Rogaland, Vestland og Vestfold og Telemark blir behandla av UDI Regionkontor Sør. 

UDI Regionkontor Nord, kontakt: 
Mai-Britt Svartis, mabsv@udi.no, 40707347 

UDI Regionkontor Sør, kontakt: 
Anne Sophie Vinje, sasv@udi.no, 90208810

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?