Personar med endeleg avslag og retten til helsetenester


  • Personar med endeleg avslag skal betale helsebehandling fullt ut.
  • Desse har likevel rett på akutthjelp og helsehjelp som er heilt nødvendig og ikkje kan vente.
  • De har ikkje lov til å krevje betaling på førehand for helsetenester, eller nekte nokon denne typen helsehjelp sjølv om de trur dei ikkje kan betale.
  • Smittevernhjelp er gratis, også for dei som har endeleg avslag.
  • Barn utan lovleg opphald har rett til gratis hjelp frå helsestasjon og skulehelsetenesta. Andre helsetenester må dei betale for.
  • Sjukehus kan krevje betaling for hjelp ved fødsel.