Tolkar og omsetjarar som skal ta oppdrag for UDI


UDI bruker tolkar og omsetjarar på mange forskjellige språk. Tolkane og omsetjarane gjer oppdrag på timebasis

Kven kan ta oppdrag som tolk for UDI?

UDI bruker tolkar innanfor mange forskjellige språk. Tolkane er ikkje fast tilsette i UDI, men tek oppdrag på timebasis.

Den viktigaste oppgåva UDI treng tolkar til, er tolking under intervju av asylsøkjarar som nyleg har komme til Noreg. Desse intervjua skjer i Oslo og Trondheim.

Alle tolkar som skal ta oppdrag for UDI, bør vere registrerte i Nasjonalt tolkeregister eller kunne dokumentere at dei har tolkefaglege kvalifikasjonar tilsvarande kategoriane til Nasjonalt tolkeregister.

Når UDI vel ut kva for tolkar vi skal bruke, vel vi dei best kvalifiserte tilgjengelege tolkane (statsautoriserte tolkar med tolkeutdanning). Vi tek òg omsyn til spesielle behov som søkjaren har.

Kven kan ta oppdrag som omsetjar for UDI?

UDI har òg behov for omsetjing av dokument og informasjonsmateriell frå framandspråk til norsk og omvendt.

UDI prioriterer statsautoriserte translatørar. Dersom dei ikkje finst på eit språk, bruker vi omsetjarar med formell kompetanse eller lang erfaring. Alle omsetjarane våre må ha gode datatekniske evner, vere nøyaktige og levere arbeid til avtalt tid.

UDI har i dag ein fast avtale med ein leverandør av omsetjingar frå og til engelsk.

Korleis søkjer eg om å bli registrert i UDIs tolke- og omsetjardatabase?

For å søkje om å bli registrert i UDIs tolke- og omsetjardatabase må du sende inn skjemaet Kompetanseoversikt for tolker og oversettere (pdf, bokmål, 626 kB) eller Kompetanseoversikt for tolkar og omsetjarar (pdf, nynorsk, 612 kB) til UDI, Språk, Postboks 2098 Vika, 0125 Oslo. Legg ved CV og kopi av attestar/bevillingar.

Dersom du er aktuell som tolk for UDI, men ikkje har tolkefaglege kvalifikasjonar, vil du først bli invitert til å ta ein test.

Dersom vi vurderer å bruke deg som tolk, vil vi kalle deg inn til ein rekrutteringssamtale. Her vil du få innføring i tolking under asylintervju med fokus på tolketeknikk, tolkeetikk, asylsaksgang og terminologi som blir brukt i utlendingsforvaltninga.

Behovet for tolkar innan forskjellige språk varierer. Dei best kvalifiserte tolkane, i kategori 1 og 2 i Nasjonalt tolkeregister, får flest oppdrag. Deretter fordeler vi oppdrag til tolkar med tolkeutdanning (kategori 3).

Når du er registrert i UDIs database, kan du òg få oppdrag for Utlendingsnemnda (UNE).

Spørsmål?

Du kan kontakte UDI si eining for språktenester (Språk) på spraak@udi.no, eller ringje 23 35 15 00 og be om å bli sett over til Språk.

Meir informasjon for tolkar

UDIs terminologiliste: Ord og begreper som brukes av utlendingsforvaltningen oversatt fra norsk til engelsk, (pdf, 762 kB)

European Migration Networks ordliste for innvandrings- og asylfeltet med oversettelse fra og til arabisk, engelsk, tysk, fransk, spansk, italiensk og portugisisk (ekstern nettstad)

Alle tolkar som tek oppdrag for UDI, må følgje Retningslinjer for god tolkeskikk (ekstern nettstad)

Møt andre tolkar og les om statsautorisasjon og tolkeutdanning på www.tolkeportalen.no (ekstern nettstad).

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er den nasjonale fagstyresmakta for tolking i offentleg sektor. IMDi har òg bevillingsansvar for statsautorisasjon av tolkar og drift av Nasjonalt tolkeregister. Du finn meir informasjon om tolking på IMDis nettsider (ekstern nettstad).