Asylsøkjar


Ein person blir kalla asylsøkjar når han eller ho har søkt om vern (asyl) i Noreg og ikkje har fått søknaden sin endeleg avgjord.

Ein person er berre asylsøkjar frå han eller ho har meldt seg for politiet i Noreg og søkt om vern (asyl), og fram til UDI eller UNE har behandla søknaden og fatta eit endeleg vedtak.

Når asylsøkjarar har fått endeleg svar på søknadene sine, blir dei ikkje lenger kalla asylsøkjarar. 

Dersom dei får positivt svar på søknaden, får dei opphaldsløyve som flyktning eller på humanitært grunnlag

Dersom dei får endeleg avslag på søknaden frå UDI eller UNE, må dei reise ut av Noreg.