Fødselsnummer


Eit fødselsnummer er eit ID-nummer for deg som har opphaldsløyve og skal bu i Noreg i meir enn seks månader. Du treng det når du tar kontakt med forskjellige norske styresmakter.

Kva bruker du fødselsnummeret til?

Du treng fødselsnummer for eksempel for å åpne ein bankkonto, få fastlege, leige bustad, betale skatt og for å kunne røyste ved val. 

Eit fødselsnummer er eit 11-sifra ID-nummer, og dei 5 siste siffera blir kalla "personnummer".

Når får du fødselsnummer?

  • Dersom du har fått opphaldsløyve i Noreg, får du fødselsnummeret ditt i eit brev frå Skatteetaten omtrent to veker etter at du har møtt opp hos politiet for å bestille opphaldskort.
  • Dersom du er statsborgar i eit EU/EØS-land, får du fødselsnummer frå Skatteetaten når du møter der etter at du har registrert deg hos politiet. Sjå informasjon om å flytta til Noreg hos Skatteetaten (ekstern nettstad).

Har du eit fødselsnummer, men er registrert som utflytta? 

Det er fleire grunnar til at du kan bli registrert som utflytta i det sentrale folkeregisteret. 

Viss du er registrert som utflytta fordi løyvet ditt er utløpt, og du har ein ny søknad til handsaming no, kan du be UDI om å melde frå til Skatt slik at dei melder deg inn i folkeregisteret igjen. Dette skjer bare viss UDI meiner du hadde lovleg opphald da du blei meldt ut av folkeregisteret. 

Viss det er andre grunnar til at du er meldt ut av folkeregisteret, må du kontakte det lokale skattekontoret ditt. (ekstern nettstad)

Fødselsnummer og fødselsdato er ikkje det same 

Det er ikkje sikkert at fødselsnummeret du får tildelt, er det same som fødselsdatoen din. UDI endrar ikkje fødselsdatoen din sjølv om den ikkje er den same som fødselsnummeret ditt. 

Har du eit d-nummer? 

Kva er eit DUF-nummer? 

Alle som søker om opphald i Noreg eller om vern, får eit DUF-nummer. DUF-nummeret er søkjaren sitt registreringsnummer i UDI sitt datasystem. 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?