«Gode nok» kunnskapar i norsk eller samisk


Du treng ikkje norskopplæring for å få norsk statsborgarskap eller permanent opphaldsløyve dersom du kan vise oss eit vedtak frå kommunen som dokumenterer at du har gode nok kunnskapar i norsk eller samisk.

Har du gode nok kunnskapar i norsk, treng du heller ikkje å bestå prøva i norsk (kravet om prøve gjeld berre dersom du søker etter 1. januar 2017).

Du har gode nok kunnskapar dersom du har

  • godkjend Norskprøve 2 eller 3 munnleg og skriftleg eller Bergenstesten, eller anna norskprøve munnleg og skriftleg på minimum nivå A2, eller
  • gjennomført ordinær opplæring i norsk eller samisk i grunnskulen eller på vidaregåande skule og fått standpunktkarakter, eller
  • gjennomført studium i norsk eller samisk på universitets- eller høgskulenivå i Noreg eller utlandet som svarar til 30 studiepoeng, eller
  • oppfylt inntakskravet og fått tilbod om studier på norsk eller samisk ved universitet eller høgskole i Norge

Hjelp oss med å forbetre nettsidene: Fann du det du leita etter?