Konsultasjon i søknader om besøksvisum


Når statsborgarar av visse land søkjer om besøksvisum (Schengen-visum), må søknaden godkjennast av alle Schengen-landa. Dette tek minst åtte dagar.

Dersom du er statsborgar av eit land på lista nedst på denne sida, må søknaden din sendast til slik godkjenning (konsultasjon). Dette gjeld utan omsyn til kva for land du bur i no. 

Når ambassaden, konsulatet eller UDI har vurdert søknaden din, vil vi sende han til dei andre Schengen-landa. Vi kan ikkje behandle søknaden din ferdig før alle desse landa har godkjent han. Det vil ta minst åtte dagar. 

Dette er ein rutine for alle statsborgarar av landa på denne lista, og det inneber ikkje at det er noko gale med søknaden din. Rutinen har eksistert i mange år.

Dersom du er statsborgar av eit av desse landa, bør du søkje i god tid. Det vil ikkje vere mogleg å få søknaden din behandla på under åtte dagar.

Dersom du skal gjeste ein familiemedlem som er livstruande sjuk, eller skal i gravferda til ein nær familiemedlem, og ikkje kan vente i åtte dagar, kan UDI i visse tilfelle gi deg eit visum som berre er gyldig i Noreg og ikkje i andre Schengen-land. Du må ha ei legeerklæring som viser at den du skal gjeste, er livstruande sjuk. 

Statsborgarar av desse landa

Afghanistan
Algerie
Aserbajdsjan
Bangladesh
Belarus (gjeld berre for dei som har diplomatpass eller tenestepass)
Egypt (gjeld ikkje for dei som har diplomatpass eller tenestepass)
Eritrea
Etiopia
Iran
Irak
Jemen
Jordan
Kenya
Kirgisistan
Kongo
Libanon
Libya
Mali
Mauritania
Marokko
Niger
Nigeria
Nord-Korea
Pakistan
Russland
Rwanda
Saudi-Arabia (gjeld ikkje for dei som har diplomatpass)
Somalia
Sør-Sudan
Sri Lanka
Sudan
Syria
Tadjikistan
Tunisia
Turkmenistan
Usbekistan 
Vietnam 

Andre grupper søkjarar

Palestinarar
Flyktningar
Statslause

 

Fant du det du lette etter?