Norskopplæring og prøver for dei som søkjer om statsborgarskap


Dersom du er mellom 18 og 67 år må du som hovudregel ha gjennomført godkjend norskopplæring og ha bestått prøver i norsk munnleg og samfunnskunnskap før du kan bli norsk statsborgar.
Informasjon

Søkjaren er personen som ønskjer å bli norsk statsborgar.

Kva for gruppe høyrer du til i?

Unntak på grunn av helsemessige og andre tungtvegande årsaker

Dersom du ikkje er i stand til å gjennomføre norskopplæringa innan tre år, vil UDI vurdere om du skal få unntak frå kravet til å ha gjennomført opplæringa. Vi vil også vurdere om du skal få unntak frå kravet til å ha greidd prøve.

Når kan du få unntak?

  • Dersom du er alvorleg eller kronisk sjuk. Du må dokumentere sjukdommen med legeerklæring.
  • Dersom det finst andre tungtvegande (viktige og alvorlege) årsaker. Det skal svært mykje til for å få eit slikt unntak. Du må dokumentere kvifor det vil vere urimeleg å ikkje gi deg fritak.

 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?