Omgåelsesekteskap og proformaekteskap


Viss hovudgrunnen til at du giftar eller forlovar deg er at du ønsker å kome til Noreg, kallast det eit omgåelsesekteskap.   

Du kan blir nekta opphaldsløyve dersom UDI meiner det er mest sannsynleg at hovudgrunnen til at du gifta deg med ein person som bur i Noreg, er å få eit grunnlag for opphald her.  

Eit omgåelsesekteskap er eit ekteskap der hovudgrunnen til at du gifta deg, er at du vil ha eit opphaldsløyve i Noreg. Ekteskapet kan likevel vere  formelt gyldig og ha realitet. 

Eit proformaekteskap er eit ekteskap som du inngjekk berre for å oppnå eit opphaldsløyve i Noreg. Eit proformaekteskap er eit ekteskap utan faktisk realitet.   

For å undersøke om eit ekteskap er eit omgåelsesekteskap eller proformaekteskap, vil UDI til dømes sjå på:

  • kor lenge de har vore saman
  • kor mykje kontakt de har hatt
  • kva de veit om kvarandre
  • aldersforskjell
  • om ekteskapet er uvanleg i kulturen i landet du kjem frå
  • om du tidlegare har søkt om opphaldsløyve i Noreg eller eit anna land.

Viss UDI meiner at ekteskapet er eit omgåelsesekteskap eller eit proformaekteskap, kan UDI avslå søknaden din og kan vurdere å utvise deg frå Noreg og andre Schengenland i minst to år.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?