Proformaekteskap


Dersom hovudgrunnen til at nokon giftar eller forlovar seg, er at han eller ho ønskjer å komme til Noreg, kallar vi det proformaekteskap. 

Dersom hovudgrunnen til at søkjaren har gifta seg eller forlova seg, er at han eller ho ønskjer å komme til Noreg, kallar vi det proformaekteskap. («Søkjaren» er personen som ønskjer å få opphaldsløyve i Noreg.) 

Å inngå eit slikt ekteskap er straffbart for begge ektefellane.

For å undersøkje om eit ekteskap er proforma, vil vi for eksempel sjå på

  • kor lenge de har vore saman
  • kor mykje kontakt de har hatt
  • kva de veit om kvarandre
  • aldersforskjell
  • om ekteskapet er uvanleg i kulturen søkjaren høyrer til
  • om søkjaren tidlegare har søkt om opphaldsløyve i Noreg eller eit anna land

Dersom UDI meiner at ekteskapet er proforma, vil søkjaren få avslag på søknaden og kan bli utvist frå Noreg og andre Schengenland i minst to år.

Hjelp oss med å forbetre nettsidene: Fann du det du leita etter?