Viss den som skal besøkje deg ikkje har nok pengar sjølv, kan du vere økonomisk sponsor for den besøkjande og/eller la vedkommande bu hos deg. For å kunne vere økonomisk sponsor, må du fylle ut eit sponsorskjema.
Viss du skal vere økonomisk sponsor for meir enn éin person så må du sende eit eige sponsorskjema om kvar person som skal besøkje deg.
Merk! Sponsorskjemaet kan berre brukast for éin innreise til Schengenområdet. Viss søkjaren får eit visum som er gyldig for fleire innreiser, må du fylle ut eit nytt sponsorskjema for kvart besøk.
Merk! Sponsorskjemaet kan berre brukast for éin innreise til Schengenområdet. Viss den som skal besøkje deg planlegg å besøkje deg fleire gangar, må du fylla ut eit nytt sponsorskjema for kvart besøk.
Å vere økonomisk sponsor er ikkje det same som å garantere at den som kjem på besøk reiser ut av Noreg når besøket er over. Det er ikkje mogleg for deg som skal få besøk å stille den typen garanti. Det er utlendingsmyndighetene som vurderer om det er sannsynleg at den som har søkt om visum vil reise tilbake når besøket er over, ut frå kor mykje den som skal besøke deg har som knyttar han eller ho til heimlandet sitt.
Viss vedkommande som skal besøkje eit firma eller ein organisasjon ikkje har nok pengar sjølv, kan firmaet eller verksemda i Noreg betale for opphaldet. For å kunna gjera det, må ein kontaktperson i firmaet eller verksemda fylle ut eit sponsorskjema.
Merk! Sponsorskjemaet kan berre brukast for éin innreise til Schengenområdet. Viss søkjaren får eit visum som er gyldig for fleire innreiser, må firmaet fylle ut eit nytt sponsorskjema for kvart besøk.
Merk! Sponsorskjemaet kan berre brukast for éin innreise til Schengenområdet. Viss den som skal besøkje firmaet ditt planlegg å besøkje firmaet fleire gangar, må de fylle ut eit nytt sponsorskjema for kvart besøk.