Presse Innsyn i postjournalen til UDI


Gjennom tenesta eInnsyn kan du søkje i brev og dokument som er sende til og frå UDI, og bestille den informasjonen du ønskjer innsyn i.

UDI sine saksdokument er offentlege med mindre det er gjort unntak i lov eller medhald av lov. Alle kan derfor krevje å få innsyn i det offentlege innhaldet av dokument i ei bestemd sak.

Når eit saksdokument inneheld opplysningar som er underlagde teieplikt, må vi avslå krav om innsyn i desse opplysningane. Sidan mange utlendingssaker er om personlege forhold som er underlagd teieplikt, vil UDI ofte gjere unntak frå innsyn for heile dokument.

For meir informasjon, sjå retningslinjer om rett til innsyn i dokument i Utlendingsdirektoratet (udiregelverk.no) (eksternt nettsted).

Slik får du innsyn 

UDI bruker eInnsyn (eksternt nettsted). Der kan du sjølv søkje i postlistene våre.

Vi vart ein del av ordninga 8. april 2011. Er du på leiting etter brev og dokument før den tid, kan du vende deg til udi@udi.no for å be om innsyn. 

Du kan også sende kravet per post til:

Utlendingsdirektoratet
Postboks 2098 Vika
0125 Oslo

For innsyn i enkeltsaker gjeld andre reglar

Oppgir du ei e-postadresse, kan vi sende dokumenta på e-post. Då tek det som regel ikkje meir enn tre vyrkedagar å få innsyn.

Viss du vil klage

Får du avslag, skal UDI oppgi kva heimel som er grunnlag for avslaget. Du skal også få informasjon om retten til å klage og om klagefristen.

UDI vurderer om klaga di blir teken til følgje eller om ho skal sendast vidare til det departementet som er klageorgan. Viss vi held oppe avslaget, førebur vi saka og sender over til departementet.

Justis- og beredskapsdepartementet er klageorgan for saker etter utlendingslova. 

Arbeids- og inkluderingsdepartementet er klageorgan for saker etter statsborgerlova. 

Fant du det du lette etter?