Ikkje alt innhaldet på denne sida finst på nynorsk.
Da vil du framleis ha dei same rettane som før til å jobbe, studere og så vidare medan du ventar på at vi behandlar søknaden din. Du vil ha desse rettane heilt til du har fått svar på søknaden, sjølv om opphaldsløyvet ditt går ut i mellomtida.
Sjølv om du har søkt i tide, kan du få problem med å reise ut og inn av Noreg medan du venter på det nye løyvet ditt. Dette er fordi du ikkje har eit gyldig opphaldskort. Utan opphaldskortet kan du bli stoppa i grensekontrollen i andre land. Du kan og få problem med å sleppe inn i Noreg igjen når du skal tilbake hit.