Skal fornye Vern (asyl) og sterke menneskelege omsyn


For å behalde alle rettane dine er det viktig at du søkjer om fornying i god tid før opphaldsløyvet ditt går ut.

Dette må du gjere

  1. Tre månader før opphaldsløyvet ditt går ut bør du ringe politiet og bestille time. Det kan vere fleire vekers ventetid på å få time.
  2. Seinast éin månad før opphaldsløyvet ditt går ut må du møte opp til avtalt tid hos politiet for å levere søknadsskjemaet og dokumenta dine. Først då er søknaden levert. 

Da vil du framleis ha dei same rettane som før til å jobbe, studere og så vidare medan du ventar på at vi behandlar søknaden din. Du vil ha desse rettane heilt til du har fått svar på søknaden, sjølv om opphaldsløyvet ditt går ut i mellomtida. 

Sjølv om du har søkt i tide, kan du få problem med å reise ut og inn av Noreg medan du venter på det nye løyvet ditt. Dette er fordi du ikkje har eit gyldig opphaldskort. Utan opphaldskortet kan du bli stoppa i grensekontrollen i andre land. Du kan og få problem med å sleppe inn i Noreg igjen når du skal tilbake hit. 

Du kan ikkje få nytt opphaldskort før du har fått nytt opphaldsløye. Dersom du har søkt i tide, vil vi sende deg ei stadfesting på at du har lovleg opphald medan du ventar på svar på søknaden din.

Kva type opphaldsløyve har du?

behandlingstid

Ventetider

Sjekk kor lenge du må vente før du får svar på ein søknad om vern (asyl).