Informasjon til søkjarar frå Afghanistan om å levere inn identitetsdokument saman med søknaden når søknaden vert levert i Pakistan


Dersom du er ein afghansk statsborgar som søkjer frå Pakistan, må du levere inn ID-dokumenta dine slik at ambassaden kan kontrollere dei.

Published: 21.02.2017

Frå 15.mars 2017 vil den norske ambassaden i Islamabad krevje at alle afghanske statsborgarar leverer inn sine originale pass til ambassaden. Dette gjeld for alle typar søknadar om opphaldsløyve og visum til Noreg. Dersom du ikkje har pass må du levere inn annan type ID-dokument, eller ei skriftleg forklaring på kvifor du ikkje kan levere inn ID-dokument.

Du vil få ei skriftleg bekrefting frå ambassaden som syner at du har levert inn ID-dokumenta dine.

Du får attende passet eller ID-dokumentet ditt når ambassaden har kontrollert det. Vanlegvis får du ID-dokumenta dine attende fire virkedagar etter at du leverte dei til eit VAC/Gerry’s-kontor. Ambassaden kan berre returnere dokumenta til deg via det særskilde VAC/Gerry’s-kontoret der du leverte dei inn.

Ambassaden rår på det sterkaste frå å reise ut av Pakistan før du har fått attende passet ditt. Dette er fordi du kan risikere å bli nekta å reise inn att i Pakistan for å hente passet ditt. Ambassaden kan ikkje sende dokumenta dine i posten ut av Pakistan.

Dersom du leverte inn ein søknad før 15.mars 2017, og du har fått innvilga visum eller opphaldsløyve, vil ambassaden undersøkje dokumenta dine når du kjem til ambassaden for å få visumet ditt utferdiga. Dersom det er avvik i ID-dokumenta dine, vil ambassaden avslå å utferdige visum for deg.