Brexit: Overgangsperiode for britiske statsborgarar i Noreg fram til 31. desember 2020


Storbritannia forlot EU 31. januar 2020 med ein avtale. Det blir ingen endringar i rettane til britiske statsborgarar og familiemedlemmene deira, som bur i Noreg eller skal flytte til Noreg før 31. desember 2020.

Publisert: 01.02.2020 - Sist endra: 11.09.2020

Overgangsperioden varar fram til 31. desember 2020. Her finn du svar på vanlege spørsmål i samband med Brexit.

Koronarestriksjonar og Brexit

Viss du er ein britisk borgar eller ein borgar frå eit anna land og busett i Storbritannia så finn du informasjon her om korleis restriksjonane knytt til korona kan påverke deg frå og med 1. januar 2021.

Dette skjer fram til 31. desember 2020

Fram til 31. desember 2020 vil det vera ei overgangsordning og reglane for britiske statsborgarar som besøker, bor og arbeider i Noreg er akkurat dei same som før. Du skal framleis bruka registreringsordninga for EU/EØS-borgarar viss du skal vera her i meir enn tre månader og du kan søkje om varig opphaldsrett i Noreg viss du har vore her i minst fem år. Vi oppmodar alle britiske borgarar og familiemedlemmene deira til å sørge for at dei er riktig registrert.

Du kan òg søkje om norsk statsborgarskap som før. Noreg tillèt no dobbelt statsborgarskap.

Noreg vil lage ein ny type opphaldsløyve for britar som flytta til Noreg før 31. desember 2020. Når søknadsskjemaet for dette er klart, må du fylle ut dette på nettsidene våre og møte opp på nytt hos politiet.

Det er ikkje mogleg å søkje om den nye typen opphaldsløyve enno. Du vil få god tid til å søkje. I mellomtida vil du ha rett til å halda fram med å opphalde deg i Noreg som før.

Viss du kjem til Noreg etter 31. desember 2020

Viss du skal flytte til Noreg etter 31. desember 2020, må du søkje om opphaldsløyve etter reglane for dei som er statsborgarar av land utanfor EU/EØS («tredjelandsregelverket»), slik som til dømes amerikanske statsborgarar gjer. Det finst ulike typar opphaldsløyve: opphaldsløyve for å arbeide, opphaldsløyve for familieinnvandring, opphaldsløyve for å studere og opphaldsløyve for au pair.

Du kan lese meir om reglane som vil gjelde for britiske borgarar som flyttar til Noreg frå og med 1. januar 2021 på nettstaden til regjeringa (ekstern nettstad)

Etter 31. desember 2020 vil du framleis kunne besøkje Noreg i inntil 90 dagar utan visum eller opphaldsløyve men du vil vanlegvis ikkje kunne jobbe når du er på besøk. Viss du skal jobbe, må du vanlegvis søkje om eit opphaldsløyve.

Følg med på nettsidene til regjeringa

Den siste informasjonen frå norske styresmakter finn du på nettsidene til regjeringa, der du kan lese om kva Brexit betyr for britiske statsborgarar i Noreg (ekstern nettstad) og om Noreg og Brexit. (ekstern nettstad)

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?