Du får fødselsnummer utan å møte opp hos Skatteetaten


Det kom ei ny løysing for å bestille fødselsnummer 8. februar 2019. Frå og med denne datoen får du som kjem frå eit land utanfor EU/EØS fødselsnummer eller d-nummer utan å måtte møte opp hos Skatteetaten.

Published: 28.03.2019 - Last changed: 01.02.2019

Kven kan få fødselsnummer eller d-nummer utan å møte opp hos Skatteetaten? 

Du kan få eit fødselsnummer eller d-nummer utan å møte opp hos Skatteetaten dersom du har fått eit opphaldsløyve i Noreg etter regelverket for statsborgarar av land utanfor EU/EØS.  

Kva må du gjere? 

Du må møte opp hos politiet for å bestille opphaldskort, akkurat slik som i dag. Når du gjer det, gir politiet samtidig beskjed til Skatteetaten om at du treng eit fødselsnummer eller eit d-nummer. Derfor treng du ikkje å møte opp hos Skatteetaten for å be om dette.  

Dersom du har endra adressa di i Noreg sidan du søkte om opphaldsløyve, må du seie ifrå til politiet om dette når du møter opp, slik at den rette bustadadressa di blir registrert i Folkeregisteret.  

Når får du fødselsnummeret eller d-nummeret ditt? 

Når Skatteetaten får beskjed fra politiet, registrerer dei deg i Folkeregisteret. Når dei har gjort det, får du eit brev med d-nummeret eller fødselsnummeret ditt. Det tar vanlegvis to veker før brevet kjem i posten.  

Skattekort 

Nokre personar må fortsatt møte opp hos Skatteetaten for å få skattekortet sitt. Du finn informasjon på Skatteetaten sine nettsider om korleis utanlandske statsborgarar søkjer om skattekort. (ekstern nettstad)
 

Kven må fortsatt møte opp hos Skatteetaten for å få d-nummer eller fødselsnummer? 

Dersom du tilhøyrer ei av desse gruppene, må du fortsatt møte opp hos Skatteetaten: 

  • EU/EØS-borgarar
  • Familiemedlemmar av EU/EØS-borgarar

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?