Sjå video som viser korleis du byter passord:
Dersom du får beskjed om det ikkje finst nokon konto for e-postadressa di, må du laga ein ny konto. Den nye kontoen kan du bruka til å levera nye søknader.
Dersom du ikkje har vore logga inn på kontoen din på over to år, har vi sletta kontoen din.
Dersom du tidlegare har hatt mange kontoar registrerte på same e-postadresse, vil no alle kontoane dine ha vorte sletta sett bort frå éin. I sommar sende vi informasjon og påminningar til alle e-postadressene dette gjeld.
Dersom du ikkje lenger har tilgang til e-postadressa som du brukte då du laga kontoen, er det ikkje mogleg for deg å få tilgang til denne kontoen.
Dersom du skal levera ein ny søknad, må du bruka ein konto du framleis har tilgang til, eller laga deg ein ny konto.
Dersom du har fått svar på søknaden din, og skal bestilla ein time hos politiet for å ta bilde til opphaldskort eller henta statsborgarvedtaket ditt, må du bruka same konto som då du registrerte søknaden. Dersom du ikkje har tilgang til denne kontoen lenger, må du ringa politiet for å bestilla time.