Endring i støtta ved assistert retur til Marokko


Viss du søkjer om assistert retur til Marokko kan du få ekstra praktisk og økonomisk hjelp i tillegg til den vanlege returstøtta.

Publisert: 23.09.2022

Kven kan søkje om denne ekstra støtta ved assistert retur?  

 Du kan søkje om denne støtta viss du har statsborgarskap eller opphaldsløyve i Marokko, og enten   

  • oppheld deg i Noreg utan opphaldsløyve 
  • har fått avslag på søknaden din om vern (asyl) 
  • ventar på svar på søknaden din om vern (asyl) 
  • har fått avslag på ein annan type søknad om opphaldsløyve  

Dette kan du få

Du kan få reintegreringsstøtte til ein verdi av € 2 000 som kan brukast til yrkesopplæring, kurs eller utdanning, eller til å starte opp ei bedrift. Caritas Morocco og Fondation Orient-Occident vil tilby individuell rettleiing for å hjelpe til med dette. Du kan ikkje få desse pengane utbetalt i kontantar, men du vil i tillegg få den vanlege støtta til assistert retur.  

Viss UDI meiner at du vil vere særleg sårbar viss du returnerer, kan vi auke støtta til reintegrering til € 4 000. Beløpet blir ikkje utbetalt i kontantar. UDI vil vurdere i kvar enkelt sak om du kvalifiserer til støtta for sårbare. 

Slik søkar du 

Du må fylle ut UDIs søknadsskjema (ekstern nettstad)

Viss du blir tvangsreturnert 

Viss du blir tvangsreturnert til Marokko, får du 3 000 kroner i kontantar i tillegg til € 1 000 i støtte til reintegrering som du kan bruke til til dømes yrkesopplæring, kurs eller utdanning eller til å starte ei bedrift i Marokko. Støtta på € 1 000 blir ikkje utbetalt i kontantar. Caritas og Fondation Orient-Occident vil bistå med praktisk hjelp for å investere støtta etter retur og det er ein føresetnad at du samarbeider med desse organisasjonane for å motta denne oppfølginga. Ta kontakt med Caritas og Fondation Orient Occident innan 1 månad etter at du har returnert. Du vil motta kontaktinformasjon når søknaden om støtta er behandla.  

Viss UDI meiner at du vil vere særleg sårbar viss du blir tvangsreturnert, kan vi auke støtta til reintegrering til € 3 000. Beløpet blir ikkje utbetalt i kontantar.  

Last ned faktark

For generell informasjon om assistert retur:  

For informasjon om den ekstra støtta du kan få ved retur til Marokko: 

Faktaark om assistert retur til Marokko på norsk (pdf, 28 kB)
Faktark om tvangsretur til Marokko på norsk (pdf, 188 kB)

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?