Endringar i lovverket som kan ha tyding for deg som søkar om statsborgarskap


Her får du informasjon om kva endringar som er gjort i lova, kven endringane vil gjelde for og frå når endringane gjeld i frå.

Published: 28.12.2020

Det er gjort endring i statsborgarlova for søkarar som er gift, har partnar eller er sambuar med ein norsk borgar. Det er og gjort endring i utlendingsloven om auka krav om opphaldstid for permanent opphaldsløyve.

Endring i krav om opphaldstid i Noreg

  • For personar som er gift, registrert partnar eller sambuar med norsk borgar vil krav om opphaldstid i Noreg for å få statsborgarskap hevast frå tre til fem år.
  • For personar som er i Noreg fordi dei har vern eller opphald på grunn av sterke menneskelege omsyn vil krav om opphald i Noreg blir heva frå tre til fem år for å få permanent opphaldsløyve. Endringa gjeld òg for personar som har løyve på grunnlag av familiegjenforeining med desse, bortsett frå i dei tilfella der referansepersonen allereie har fått innvilga permanent opphaldsløyve eller norsk statsborgarskap.

    Det er tillate med 10 månaders opphald i utlandet i denne femårsperioden. Sidan det er eit krav om å fylle vilkåra for permanent opphaldsløyve for å få norsk statsborgarskap, kan endringane få tyding for deg som ikkje allereie har permanent opphaldsløyve. Du kan lese meir om krava til permanent opphaldsløyve.

Kven gjeld endringane for?

  • Endringa gjeld for deg som har registrert søknaden om statsborgarskap i søknadsportalen 1. desember 2020 eller seinare.
  • Endringa gjeld òg for deg som registrerte søknad om statsborgarskap i søknadsportalen før 1. desember 2020 viss du ikkje fylte krav om tre års opphald for å få permanent opphaldsløyve seinast 1. desember 2020.
  • Endringane gjeld ikkje for deg som seinast 1. desember 2020 oppfylte botidskravet på tre år for rett til permanent opphaldsløyve og som registrerte søknad om statsborgarskap i søknadsportalen seinast 1. februar 2021.

Her finn du informasjon om å berekne opphaldstid i Noreg.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?