Storbritannia har fått ny Brexit-frist frå EU


Storbritannia har no fått ein ny frist for å underteikne ein Brexit-avtale med EU. Situasjonen for britiske borgarar i Noreg vil vere avhengig av om Storbritannia forlèt EU med eller utan ein avtale.

Published: 19.09.2018 - Last changed: 29.10.2019

Den nye fristen er 31. januar 2020, men Storbritannia kan òg velje å gå ut av EU tidlegare.

Kva skjer fram til Brexit?

Så lenge Storbritannia er medlem av EU, er reglane for britiske statsborgarar som besøkjer, bur og arbeider i Noreg akkurat dei same som før.

Du skal framleis bruke registreringsordninga for EU/EØS-borgarar viss du skal vera her i meir enn tre månader og du kan søkje om varig opphaldsrett i Noreg viss du har vore her i minst fem år. Vi oppfordrar alle britiske borgarar og deira familiemedlemmar til å sørge for at dei er riktig registrert.

Du kan òg søkje om norsk statsborgarskap som før. Noreg vil tillete dobbelt statsborgarskap frå 1. januar 2020. Viss du søkjer no, vil søknaden din om statsborgarskap bli behandla etter 1. januar, og dei nye reglane om dobbelt statsborgarskap vil gjelde for deg.

Så snart Storbritannia har avgjort når dei skal forlate EU, og om dei vil inngå ein avtale med EU, vil vi leggje ut ny informasjon her på nettsidene våre.

Kva skjer viss Storbritannia forlèt EU med ein avtale?

Viss det britiske parlamentet og EU-parlamentet godkjenner ein avtale som omfattar ein overgangsperiode, vil det bli ein overgangsperiode for britar som bur i eller skal flytte til Noreg som minst vil vare fram til 31. desember 2020.

Dette betyr at det ikkje blir noen endring i rettane til britiske borgarar og familiemedlemmene deira som flyttar til Noreg før 31. desember 2020.

Noreg vil lage ein ny type opphaldsløyve for britar som flytta til Noreg før 31. desember 2020. Når søknadsskjemaet for dette er klart, må du fylle ut dette på nettsidene våre og møte opp på nytt hos politiet.

Det er ikkje mogleg å søkje om den nye typen opphaldsløyve enno. Du vil få god tid til å søkje. I mellomtida vil du ha rett til å fortsetje å opphalde deg i Noreg som før.

Kva skjer viss Storbritannia forlèt EU utan ein avtale («no deal»)

Reglane vil bli ulike for dei som kom til Noreg før og etter Brexit.

Viss du kom til Noreg før Brexit

Viss du kom til Noreg og fylte krava til å opphalde deg i Noreg før Brexit, og framleis fyllar desse krava, vil du ha rett til å fortsetje å vere i Noreg. Viss du ikkje allereie har registrert deg hos politiet må du gjere det no.

Noreg vil laga ein ny type opphaldsløyve for britar som flytta til Noreg før Brexit. Når søknadsskjemaet for dette er klart, må du fylle ut dette på nettsidene våre og møte opp på nytt hos politiet.

Det er ikkje mogleg å søkje om den nye typen opphaldsløyve enno. Du vil få god tid til å søkje. I mellomtida vil du ha rett til å fortsetje å opphalde deg i Noreg som før.

Dette gjeld både deg som hadde eit opphaldsløyve eller registrerte deg som EU/EØS-borgar før Brexit, og deg som kom til Noreg før Brexit, men ikkje rakk å møta opp og registrere deg hos politiet før Brexit. Det gjeld òg for dei næraste familiemedlemmene dine.

Viss du skal reise ut og inn av Noreg før du har fått den nye typen opphaldsløyve, kan du bruke dokument som du tidlegare har fått frå norske styresmakter når du passerer grensekontrollen. Viss du har registreringsbevis eller varig opphaldsbevis (brevet du fekk av politiet eller UDI då du registrerte deg eller fekk varig opphaldsrett) eller eit opphaldskort kan du bruke dette. Viss du ikkje har noko av dette, kan du bestille bustadattest via Altinn (ekstern nettstad). Medan du er i Noreg, kan du la denne dokumentasjonen ligge heime, men du kan bli bedt om å hente han.

Viss du kjem til Noreg etter Brexit

Viss du skal flytta til Noreg etter Brexit, må du søkje om opphaldsløyve etter reglane for dei som er statsborgarar av land utanfor EU/EØS («tredjelandregelverket»), slik som til dømes amerikanske statsborgarar gjer. Dei finns ulike typar opphaldsløyve: opphaldsløyve for å arbeida, opphaldsløyve for familieinnvandring, opphaldsløyve for å studera og opphaldsløyve for au pair. Viss du allereie veit at du skal flytta til Noreg rett etter Brexit, kan du vurdere å søkje om eit slik opphaldsløyve no.

Etter Brexit vil du framleis kunne besøkje Noreg i inntil 90 dagar utan visum eller opphaldsløyve, men du vil vanlegvis ikkje kunna jobbe når du er på besøk. Viss du skal jobbe, må du vanlegvis søkje om eit opphaldsløyve.

Følg med på nettsidene til regjeringa

Den siste informasjonen frå norske styresmakter finn du på nettsidene til regjeringa, der du kan lese om kva Brexit betyr for britiske statsborgarar i Noreg (ekstern nettstad) og om Noreg og Brexit (ekstern nettstad)

Så snart Storbritannia har avgjort når dei skal forlate EU, og om dei vil inngå ein avtale med EU, vil vi legge ut ny informasjon om dei nye reglane og korleis du skal søkje her på nettsidene våre.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?