Fornya opphaldsløyve til sesongarbeidarar som oppheld seg i Noreg nå


Viss du har, eller nyleg har hatt, opphaldsløyve som sesongarbeidar og framleis oppheld deg i Noreg, så kan du søke om fornying av løyvet ditt.

Published: 29.04.2021

Dette betyr at du kan ha løyve som sesongarbeidar i meir enn 6 månader totalt. Sjølv om løyvet ditt har gått ut, kan du likevel søke om fornying, viss det er mindre enn éin månad sidan løyvet gjekk ut.

Fornya løyve kan givast for nytt sesongbasert arbeid innan landbruk, gartneri, skogbruk, fiske og fiskeindustri hos same eller ny arbeidsgivar.

Du kan ikkje få fornya løyvet viss du har, eller nyleg har hatt, løyve etter dei andre mellombelse reglane for sesongarbeidarar under koronasituasjonen i Noreg (utlendingsforskriften §§ 6-3 a og b).

Personar som ikkje har reist heim fordi dei kjem frå land det har vore vanskeleg å returnere til, kan søke om nytt opphaldsløyve etter reglane for dette. Her kan du lese meir om sesongarbeidarar som ikkje får returnert til heimlandet sitt 

Krav for å få fornya opphaldsløyve som sesongarbeidar

  • Du har, eller har nyleg hatt, eit opphaldsløyve etter dei ordinære reglane som sesongarbeidar

  • Du oppheld deg i Noreg no, og arbeidsgivar bekreftar dette i utfylt skjema

  • Arbeidet er sesongbasert innan landbruk, gartneri, skogbruk, fiske eller fiskeindustri

  • Du må ha eit arbeidstilbod som sesongarbeidar på heiltid i Noreg, med norske lønns- og arbeidsvilkår

Viss løyvet ditt har gått ut no, så kan du byrje å jobbe så snart søknad om fornying er registrert på nett og søknadsgebyret er betalt. Det føreset at resten av vilkåra for løyvet er oppfylt, og at dei nødvendige vedlegga til søknaden blir sendt så raskt som mogleg.

Varigheit på opphaldsløyvet

Du kan få opphaldsløyve for sesongarbeid i samsvar med arbeidstilbodet, men ikkje lenger enn til 30. september 2021. Viss arbeidstilbodet ditt er kortare enn til 30. september 2021, vil opphaldsløyvet ditt gjelde fram til arbeidstilbodet ditt går ut.

Arbeidsgivar må søke om opphaldsløyvet på dine vegne

Det er arbeidsgivaren din som må søke om dette løyvet for deg. Du må gi han/henne fullmakta di. Arbeidsgivar må vidare stadfeste at du framleis oppheld deg i Noreg. Du treng ikkje møte opp hos politiet for å levere søknaden.

Informasjon til arbeidsgivar som skal søke på vegne av ein sesongarbeidar

Slik søker du som arbeidsgivar om nytt opphaldsløyve for ein sesongarbeidar som ikkje får reist heim:

Desse dokumenta må du som arbeidsgivar laste opp og sende inn:

Skjema til arbeidsgivar:

Du kan lese om korleis laste opp og ettersende dokument her.

For at vi skal kunne registrere dokumenta raskast mogleg, må du legge inn kvitteringsnummeret til Søknadsportalen. Kvitteringsnummeret vart sendt på e-post til den personen som registrerte søknaden i Søknadsportalen.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?